Gå til innhold
English A A A
Emne DIKULT303

Digital medieestetikk

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Dette emnet set søkjeljoset på retorikk, estetikk og hermeneutikk i nye digitale medium som hypertekst, simuleringssystem, dataspel, fleirbrukarforum, og digitale kunstverk. Gjennom utforsking og lesing av nye medium og digitale verk skal studentane utvikle teoretiske og kritiske perspektiv på medieutviklinga, på ideen om ein digital medierevolusjon, og på den eller dei rollene som teknologien spelar i den mediekulturelle utviklinga. Tema som datakunst, digital litteratur, virtuell røyndom og dataspel blir omhandla ved hjelp av kommunikasjonsteoriar. Teknologiske visjonar og praksis blir granska og vurdert.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha tatt kurset skal studentane ha kjennskap til:

  • retorikk, estetikk og hermeneutikk i nye digitale medium
  • estetiske og historiske trekk ved nye kulturelle digitale fenomen
  • teoretiske og kritiske perspektiv på nye medium og medieutvikling

Studentane skal etter endt kurs vere i stand til å:

  • analysere ulike estetiske og kulturelle sider ved nye medium
  • på sjølvstendig vitskapelig grunnlag utføre analysar av digitale, kulturelle fenomen

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Engelsk

Studienivå

Master og PhD

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i Digital kultur.

Studentar på andre masterprogram ved Universitetet i Bergen kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Studentane bør ha gjennomført DIKULT301 og DIKULT302, og ha erfaring i akademisk skriving.

Undervisning og omfang

Undervisninga vil bli gitt i form av forelesingar og seminar på til saman om lag 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Studenten skal i løpet av semesteret levere to korte skriftlege oppgåver og eit utkast av semesteroppgåva. Tema og problemstilling for semesteroppgåva må vere godkjend av emneansvarleg.

For å kunne gå opp til eksamen krevst det at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga og i dei aktivitetane som undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve på 4-5000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

PhD-studentar får karakteren bestått/ikkje bestått.

Læremiddelomtale

Pensum er på om lag 1000 sidar.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no