Gå til innhold
English A A A
Emne DIKULT350

Mastergradsoppgåve i digital kultur

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 60
Undervisningssemester Haust og vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Mastergradsoppgåva er eit større skriftleg arbeid som skal vere resultat av ei sjølvstendig utforsking av ein relevant problemstilling i digital kultur. Oppgåva kan kombinere teoretiske, metodiske og teknologiutviklande perspektiv.

Emnet for oppgåva blir valt i samråd med rettleiar.

Mastergradsavhandlinga er eit arbeid med forskingskarakter, og målet er å arbeide fram ny, relevant kunnskap. Eit vellukka mastergradsarbeid krev praktisk dugleik, til liks med analytiske og kreative evner.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal gjennom arbeidet med masteroppgåva ha opparbeidd seg evne til å finne fram til og handsame relevante problemstillingar på ein sjølvstendig måte.

Etter å ha fullført ei masteroppgåve skal studentane:

  • vere i stand til å planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig prosjekt
  • ha inngåande kjennskap til eit avgrensa område innan digital kultur
  • ha evne til sjølvstendig vitskapeleg arbeid
  • kunne meistre vitskapelege arbeidsteknikkar, teoriar og metodar
  • kunne produsere akademiske tekstar på eit høgt nivå

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk.

 

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i digital kultur.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått DIKULT301.

Tilrådde forkunnskapar

Gjennomført fire emne på 300-nivå.

Undervisning og omfang

Arbeidet med mastergradsoppgåva skjer med individuell rettleiing. I løpet av andre semester av mastergradsstudiet skal det oppnemnast ein rettleiar for studentane.

 

I prinsippet kan emnet for masteroppgåva veljast fritt i samråd med rettleiaren, innanfor dei totale rammene til faget, og ut frå eigne interesser og faglege føresetnader.

 

Det er høve til å levere masteroppgåva som del av eit større prosjektarbeid, men resultatet som er knytt til prosjektet, må kunne evaluerast individuelt. Det vil til dømes seie at éin person kan stå for programmering, medan ein annan står for utviklingsarbeid i tilknyting til innhald og design, men den enkelte studenten sine resultat i prosjektet må kunne vurderast individuelt

Obligatoriske arbeidskrav

Alle masterstudentar må skrive ein rettleiingskontrakt med Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium seinast i løpet av andre semester av studiet. I kontrakten blir rettar og plikter for partane presiserte. Retten til å ha rettleiar er til dømes tidsavgrensa.

 

Studentane må møte minst 4 gonger, normalt 2 gonger i semesteret, i Forskergruppa for digital kultur eller Forskergruppa for elektronisk litteratur, medan dei er registrerte på DIKULT350

 

Fristar for innlevering av masteroppgåva blir fastsette av Det humanistiske fakultet, som også har hovudansvaret for innhaldet i kontrakten.

Vurderingsformer

Masteroppgåve med justerande munnleg prøve.

 

Masteroppgåva er til vanleg på mellom 70 -110 sider (lineavstand 1,5 og teiknstorleik 12). Minimum på 50 og maksimum på 70 sider gjeld for oppgåver som har ei programteknisk vinkling, medan for oppgåver av teoretisk eller meir deskriptiv karakter er maksimum 110 sider og minimum 70 sider.

Oppgåva skal også leverast i digitalt format.

 

Eksamen er knytt til ei fagleg vurdering av mastergradsoppgåva. Etter at karakteren for oppgåva er fastsett, går studenten opp til munnleg eksamen. Her blir studenten eksaminert i sjølve mastergradsoppgåva. Den munnlege prøven justerer karakteren på masteroppgåva med inntil éin bokstav.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Læremiddelomtale

Studentane skal gjere seg kjent med sentral forskingslitteratur i det emnet dei vel å skrive masteroppgåve, og kjennskap til denne skal dokumenterast gjennom masteroppgåva.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no