Engelsk lingvistikk II
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust. |
| Fagleg overlapp | På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG106 i kombinasjon med |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
ENG106 består av to kurs, eitt i grammatikk og eitt i global engelsk. Emnet byggjer på ENG101. Kurset i grammatikk skal gi studentane vidarekomen kunnskap og innsikt i engelsk språkstruktur. Kurset i global engelsk skal gi kunnskap om ulike sosiale og globale aspekt ved engelsk språk, og om språklege særtrekk ved ulike varietetar. Begge kursa skal gi studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne skal studentane ha vidarekomen kunnskap om engelsk språkstruktur og om sentrale omgrep innan syntaks og morfologi.
Studentane skal kunna bruka kunnskapane til å analysera språkleg materiale.
Studentane skal òg ha kunnskap om ulike sosiale og politiske aspekt av engelsk som verdsspråk, og om språklege særtrekk ved ulike globale varietetar av engelsk. Studentane skal vidare ha ei god forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat.
Studentane skal ha nok kompetanse til å kunna vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå.
Undervisningssemester
Haust.
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Studieadministrativ avdeling om å få gå opp til særskild eksamen.
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Ein vil òg rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språk og kommunikasjon og ENG101 Engelsk lingvistikk I eller har tilsvarande kunnskapar.
Fagleg overlapp
På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG106 i kombinasjon med ENG104 (5 stp), ENG105 (10 stp), Eng106L, ENG111 (5 stp) og ENG112 (5 stp).
Undervisning og omfang
Førelesning: 1 time pr. veke. Totalt 12
Grupper:5 timer pr. veke. Totalt 60
Obligatoriske arbeidskrav
Det er ingen obligatoriske oppgåver, men kvar student kan få levere inn skriftlege oppgåver i grammatikk og global engelsk.
Vurderingsformer
Det blir arrangert eksamen kvart semester: på slutten av haustsemesteret og midt i vårsemesteret.
Eksamen er ein seks timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen. Eksamen inneheld av to delar (grammatikk og global engelsk) og kvar del tel 50% av den totale karakteren. Global engelsk inneheld igjen av to delar (Global English I og II). Ein må greia eksamen i alle delane for å få ståkarakter i emnet.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum omfattar hovudelementa i dei delane av grammatikken som er nemnte under Læringsutbyte/resultat, og ei innføring i engelsk som verdsspråk.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no