Britisk litteratur og kultur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG125 i kombinasjon med |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Studiet har som mål å gi studentane auka innsikt i og kunnskap om britisk litteratur og kultur, og gjera dei i stand til å uttrykkja seg klårt og presist om litterære og kulturelle spørsmål, både skriftleg og munnleg.
Studentane skal utvikla evne til kritisk haldning til og sjølvstendig vurdering av pensumtekstane. Kurset gir ei innføring i tekstanalyse i dei litterære hovudmodusane prosa, drama og lyrikk. Dugleiken til å ta for seg både formelle og tematiske trekk blir oppøvd. Gjennom tolking og analyse av ei rekke litterære verk, vil det òg bli gitt ei forståing av dei viktigaste epokane og utviklingstrekk innafor britisk litteratur frå renessansen til vår eiga tid. Verka og epokane blir tolka med omsyn til viktige trekk av si tids samfunnstilhøve og politiske kontekst.
Læringsutbyte/resultat
ENG125 gir ei grunnleggjande innføring i britisk litteratur og kultur. Etter fullført studium skal studentane vere i stand til å:
- Forstå og bruka eit kritisk vokabular i tråd med disiplinen, og demonstrera både skriftleg og munnleg ei forståing av dei grunnleggjande konseptuelle og teoretiske metodar som brukast i kritisk lesing av litterære tekstar;
- Forstå skilnadene mellom dei ulike litterære formene, som drama, poesi og prosa, og dei ulike genrane innanfor desse igjen slik dei vert handsama i kurset;
- Syna ei forståing av tilhøvet mellom litterære tekstar og dei større politiske og historiske rammene dei høyrer til og som dei er i dialog med;
- Demonstrera punkta over i tydelege uttrykte, korrekt formulerte og strukturerte essay;
- Gi sjølvstendig og kreativ respons på ulike litterære arbeid
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Fagleg overlapp
På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG125 i kombinasjon med ENG123/ENG124.
Undervisning og omfang
Førelesning: 2 x 2 timer pr. veke. Totalt 48
Grupper: 2 x 1 time pr. veke. Totalt 24
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk frammøte på seminara. Studentane må vere til stades på minst to av dei tre første seminara, og totalt på 9 av 12 seminar.
I tilknyting til seminara skal studentane skriva ei rettleidd skriftleg oppgåve, som må vera godkjend for at studenten kan gå opp til eksamen i emnet (sjå Vurderingsformer). Oppgåva skal ha eit omfang på mellom 1500 og 1800 ord (svarar til 4-5 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med den skriftlege oppgåva. Rettleiinga blir gitt i tilknyting til seminarundervisninga, og føreset at studentane følgjer denne. Studentane vel oppgåve å arbeida med frå utarbeidde oppgåvealternativ og retningsliner, og dei skal levera oppgåva til fastsett tid og møta til rettleiing etter retningsliner fastsette av instituttet og faglæraren. Studentar som ikkje har oppfylt krava om rettleiing og fått godkjent oppgåva innan fastsette fristar, får ikkje gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Det blir arrangert eksamen kvart semester: på slutten av vårsemesteret og midt i haustsemesteret.
Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over oppgitt tema. Heimeeksamen skal vera på mellom 2500 og 2800 ord, og skal leverast elektronisk.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Emnet gjer bruk av eit utval representative tekstar, forfattarar og retningar innafor britisk litteratur (poesi, prosa og drama) frå Shakespeare fram til i dag. Tekstane blir både sette i lys av grunnleggjande litteraturteoretiske problem og sosiale, politiske og kulturelle tilhøve, som òg blir dekkja av relevant pensum.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no