Gå til innhold
English A A A
Emne EXPHIL-JUSEM

Examen philosophicum - seminarmodell

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning, og på sentrale spørsmål i jussen. Studentane skal gjere seg kjent med verkty ein kan bruke til å analysere juridiske tekstar og bidra til klarleik i argumentasjon og anna språkbruk i det juridiske feltet. JU-varianten skal òg øve studentane opp i å finne og bruke argument som er knytt til jussen sin legitimitet.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde rettsfilosofiske emne som har relevans for rettsvitskapen, til dømes kunnskapsteori, etikk, politisk filosofi, rettsfilosofi og språk- og argumentasjonsteori.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar i jussen

- bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar i det juridiske feltet

- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg kjeldehandsaming

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.

Undervisning og omfang

Undervisninga har form av førelesingar og seminarsamlingar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatoriske arbeidskrav

Studenten skal

- ta del i minst 75% av seminarsamlingane

- gi to munnlege presentasjonar i seminaret

- levere to utkast til seminaroppgåver

- møte til to rettleiingar

- greie to breiddetestar

 

Godkjenninga er gyldig berre i semesteret for godkjenning.

Vurderingsformer

Studenten skal levere to seminaroppgåver undervegs i kurset. Desse vert vekta likt. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåvene vurdert.

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.

Læremiddelomtale

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant. Studenten skal også setje seg inn i tilleggslitteratur knytt til dei to seminaroppgåvene studenten arbeider med.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: exphil@uib.no