Molekylær cellebiologi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | MOL100 (2sp), MOL201 (5sp), MOL202 (5sp) |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Studenten skal tileigne seg kunnskap om bygnad og funksjon av cytoskjelettet, cellemembranar og transportsystem, cellesyklus, elementær cellefysiologi, cellulære interaksjonar med ekstracellulært matriks, organspesifikk cellebiologi, molekylære kreftmekanismar, virus, cella si utvikling og differensiering.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten ha erverva grunnleggjande kunnskapar og innsikt i bygnaden, kjemien, fysiologien og funksjonen til cellene, samt kunnskap om cellulære reguleringsmekanismar. Studenten skal også kunne kjenne att ulike typar celleorganisering i vev. I tillegg skal studenten kjenne til tryggleiksreglement på laboratoriekurs, ha ei oversikt over biokjemisk og cellebiologisk eksperimentell metodikk samt utvikle praktiske eigenskapar i somme biokjemiske og molekylærbiologiske metodar.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
Integrert masterprogram i farmasi og Masterprogram i farmasi for reseptarar.
Fagleg overlapp
MOL100 (2sp), MOL201 (5sp), MOL202 (5sp)
Undervisning og omfang
Førelesingar, spørjetime og histologikurs (rundt 60 timar totalt). I tillegg kjem organiserte og delvis leia kollokvium. Emnet går over 7-8 veker.
Obligatoriske arbeidskrav
Deltaking på histologikurset er obligatorisk. Journalane må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen. Studentane vert oppmoda til å delta på førelesingar og kollokvium.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
Skriftleg evaluering via Mi side.
Kontaktinformasjon
Institutt for biomedisin
studie@biomed.uib.no
(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95
Emneansvarleg:
Anni Vedeler, http://uib.no/personer/Anni.Vedeler