Bachelorprogram i human ernæring
Programmet tilbys av
Presentasjon
Mat og drikke har mykje å seie for livskvaliteten til eit menneske, men kan også vere knytt til sjukdom og dårleg helse. Nokre av dei vanlege folkesjukdommane er for eksempel forårsaka av det vi puttar i oss. Kan politisk organisering og regulering endre matvanane våre?
Ernæring er eit høgaktuelt fagområde i eit samfunn som stadig blir meir prega av overforbruk på den eine sida, og svolt og mangel på den andre. Vel du ernæringsstudiet betyr det at du kan verte ein viktig medspelar i arbeidet for å betre helsetilstanden i befolkninga. Du lærer bl.a. om samanhengane mellom kosthald, helse og sjukdom.
Hjarte- og karsjukdommar, diabetes og overvekt er helseproblem som har med kosthald å gjere. Både i behandling og førebygging av desse sjukdommane er ernæring og riktig kosthald viktig.
Studiet gir deg ei brei utdanning innan ernæringa til friske og sjuke, i både i- og u-land. Du vil lære om innhaldet i mat og drikke, og du får innblikk i ernæring i ulike fasar av livet og for grupper med særskilde behov.
Graden
Bachelorprogrammet i human ernæring fører fram til graden bachelor i human ernæring. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Fagleg innhold
Studiet kombinerer emne frå medisin, kjemi, psykologi, samfunnsvitskap og historie. Med ein bachelorgrad i human ernæring har du eit godt grunnlag for å gå vidare på ernæringsstudium. Dei som held fram på masterstudiet i klinisk ernæring, vil mellom anna kunne søkje autorisasjon som helsepersonell, og få tittelen klinisk ernæringsfysiolog. Då kan ein arbeide som klinisk ernæringsfysiolog i helseføretak. Det er og mogeleg å velje andre studieretningar i ernæring. Då er det mange yrkesvegar som er opne innan forsking, i marin produksjon og i næringsmiddelindustri.
Ernæringsstudiet gir ei brei utdanning innan ernæringa til friske og sjuke, både i i- og u-land. Sentrale element i utdanninga vil vere innhald i ernæringa, relasjonen mellom ernæring og individ, samt mennesket sine normale og sjukelege biokjemiske, fysiologiske og psykiske prosessar. Kosthald og ernæring tyder mykje for livskvalitet og for utvikling og behandling av ei rekkje sjukdomar, inkludert nokre av dei store folkesjukdomane. Interessa for ernæring er derfor svært stor i samfunn og media. Det er mangel på personar med høgare utdanning innan ernæring.
Læringsutbyte
Etter fullført studium skal du ha tileigna deg kunnskap om:
- mennesket sine normale og sjukelege biokjemiske, fysiologiske og psykiske prosessar;
- innhaldet i ernæringa og relasjonen mellom ernæring og individ;
- folkesjukdomane og kosthald og ernæring si tyding for utvikling og behandling av desse.
Fag- og emneval
Studiet er bygd opp som ein kombinasjon av teori, laboratorieundervisning og seminar. Du følgjer undervisning saman med andre helsefagstudentar (medisin, odontologi, farmasi) dei tre første semestra. Det første året får du undervisning i ex.phil., biologiske basalfag, medisinsk nomenklaturlære, statistikk, innføring i klinisk ernæring og seminar i ernæring. Kjemi, biokjemi, cellebiologi, cellefysiologi og molekylærbiologi er samordna i den biomedisinske basalblokka. Seminar i ernæring skal gi ei forskingsbasert tilnærming til ernæring, med sterk vekt på fagleg breidd og tverrfaglege element, og med aktiv deltaking frå deg som student. Gjennom innføring i klinisk ernæring skal du tileigne deg kunnskap om grunnleggjande prinsipp i ernæringslære, om kva vår tids ernæringsvitskap og ernæringsrelaterte forsking er, og om ernæringsrelaterte aspekt og globale utfordringar knytte til ernæring.
Det tredje semesteret tek føre seg kroppens oppbygging og funksjon med undervisning i anatomi og fysiologi. I emnet kroppens oppbygging og funksjon held du fram innan human biologi, utvikling, anatomi, fysiologi og ernæringslære. I emnet hovud- og mikronæringsstoff får du ei detaljert innføring i fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon av dei energigivande næringsstoffa, og detaljert forståing av korleis mikronæringsstoffa påverkar utvikling, vekst og helse hos mennesket.
Det fjerde semesteret tek føre seg analysemetodar i ernæring. Dette skal gi deg ei innføring i det teoretiske og praktiske grunnlaget for næringsmiddelkjemiske og andre analysemetodar. I emnet åtferd, helse og ernæring set vi søkelys på korleis kosthaldet verkar inn på åtferd og mental og somatisk helse. Her får du innsikt i sentrale aspekt ved kosthald og ernæring og kva dette inneber når det gjeld åtferd, kognisjon og emosjonar. Emnet matvarekunnskap skal gje kunnskap om råvarer og deira opphav, eigenskapar og bruk. Matvareproduksjon og lovregulering står og sentralt i dette emnet. I tillegg held seminarrekkja i ernæring fram.
I det femte semesteret tek ein føre seg politisk styring og organisering. Dette skal gje deg ei forståing av ernæringssituasjonen i Noreg og internasjonalt i dag med vekt på tilhøvet mellom politikk, organisasjon og regulering. Emnet livsstil og livsløp gir innblikk i ernæring i ulike fasar av livet, for grupper med særlege behov og i samanheng med livsstilsrelaterte sjukdommar.
I det sjette og siste semesteret vil forskingsmetodar i ernæring gje deg innblikk i metodar for klinisk og eksperimentell forsking. I emnet næringsmiddeltoksikologi vert eventuelle toksiske effektar av tilsetjingsstoff og naturleg førekommande toksin i næringsmiddel og matvarer gått gjennom. Dette semesteret er det og lagt opp til to veker hospitering i helseføretak. Dei som ikkje skal gå vidare på master i klinisk ernæring kan velje vekk hospiteringa og ta andre emne i staden.
1. studieår
- Ex.phil.
- Medisinsk nomenklaturlære
- Biomedisinsk basalblokk
- Innføring i klinisk ernæring
- Seminar i ernæring I
- Medisinsk statistikk
2. studieår
- Kroppens bygning og funksjon
- Makro- og mikronæringsstoff
- Seminar i ernæring II
- Analysemetodar i ernæring
- Åtferd, helse og ernæring
- Matvarekunnskap
3. studieår:
- Seminar i ernæring III
- Livsstil og livsløp
- Politisk og forvaltning
- Toksiner i næringsmiddel
- Seminar i ernæring
- Forskingsmetodar i ernæring
- Hospitering
Utveksling
Universitetet i Bergen vil leggje til rette for utvekslingsopphald i andre land under bachelorstudiet.
Vidare studium
Bachelorprogrammet i ernæring er tverrfagleg og gir deg ei spennande og svært aktuell utdanning. Du får også eit godt grunnlag for eit masterstudium innan klinisk, human eller akvatisk ernæring, og for nokre masterretningar og spesialiseringar innan biologi, kjemi og molekylærbiologi.
Yrkesvegar
Med ein bachelorgrad i human ernæring har du eit godt grunnlag for å gå vidare på ernæringsstudium. Viss du held fram på masterstudiet i klinisk ernæring vil du mellom anna kunne søkje autorisasjon for jobbar innan helsevesenet. Kliniske ernæringsfysiologar arbeider på sjukehus, i primærhelsetenesta, med førebyggjande helsearbeid, forsking og utdanning eller i privat sektor.
Bachelorprogrammet i ernæring legg vekt på å gi ein tverrfagleg bakgrunn. Tverrfagleg utdanning gir godt grunnlag for å utvikle den kompetansen som dei einskilde verksemdene treng. Døme på dette er private bedrifter, opplysingskontor og idrettssenter som driv innan livsstils- og kosthaldsrelatert formidling. Dette vil føre til at næringsliv og forvalting får tilgang til breiare og meir gagnleg kompetanse. Dersom du siktar deg inn mot ein forskarkarriere, er det også nyttig med tverrfagleg bakgrunn.
Viss du vel masterstudium innan human eller akvatisk ernæring, er det mange yrkesvegar som er opne innan forsking, og innan analyse, produktutvikling og prosessering i marin produksjon og i næringsmiddelindustrien.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og tilbachelorprogrammet i ernæring.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (MEROD):
- Matematikk R1 eller Matematikk (S1+S2)
- Fysikk 1
- Kjemi 1+2
Poenggrense ved siste opptak
Nye reglar for utrekning av poeng gjer fjorårets poenggrensar mindre relevante for årets opptak enn normalt. Vi reknar med at poenggrensene blir lågare enn i fjor fordi det blir tildelt færre poeng totalt.
Ei liste over poenggrensene for 2008 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak".
Antall studieplasser
20 studieplasser.
Meir infomasjon
Ønsker du å vite meir?
Ta kontakt med fakultetets informasjonssenter:
info@mofa.uib.no
55 58 64 00
Administrativt ansvarleg
Ønsker du å vite meir?
Ta kontakt med studierettleiaren!
info@mofa.uib.no
55 58 64 00
Mål og innhald
Studiet kombinerer emne frå medisin, kjemi, psykologi, samfunnsvitskap og historie. Det er mogleg å kombinere emne som gir grunnlag for opptak til masterstudium i ei rekkje fag.
Ernæringsstudiet gir ei brei utdanning innan ernæringa til friske og sjuke, både i i- og u-land. Sentrale element i utdanninga vil vere innhald i ernæringa, relasjonen mellom ernæring og individ samt mennesket sine normale og sjukelege biokjemiske, fysiologiske og psykiske prosessar. Kosthald og ernæring tyder mykje for livskvalitet og for utvikling og behandling av ei rekkje sjukdommar, inkludert nokre av dei store folkesjukdommane. Interessa for ernæring i samfunn og media er derfor svært stor. Det er mangel på personar med høgare utdanning innan ernæring.
Yrkesvegar
Med ein bachelorgrad i human ernæring har du eit godt grunnlag for å gå vidare på ernæringsstudium. Viss du held fram på masterstudiet i klinisk ernæring, vil du blant anna kunne søkje autorisasjon som helsepersonell, og du kan arbeide som klinisk ernæringsfysiolog i helseføretak. Viss du vel ei av dei andre studieretningane i ernæring, er det mange yrkesvegar som er opne innan forsking, i marin produksjon og i næringsmiddelindustrien.
Oppstart
Haust
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Første studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| NUTR110 | Seminar i ernæring 1 | 5 | 1-2 | 1 | ||||||||
| NOM | Medisinsk nomenklaturlære | 5 | 1 | |||||||||
| BIOBAS | Biomedisinsk basalblokk | 30 | 1-2 | 1 | ||||||||
| MEDSTA | Medisinsk statistikk | 5 | 2 | |||||||||
| NUTR-INF | Innføring i klinisk ernæring | 5 | 1-2 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MOEKS | Examen philosophicum | 10 | 1 | |||||||||
| EXPHIL-MOSEM | Examen philosophicum | 10 | 1 | |||||||||
| Andre studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NUTRKRO | Kroppens bygning og funksjon | 20 | 3 | |||||||||
| PSYK140 | Atferd, helse og ernæring | 10 | 4 | |||||||||
| NUTR120 | Analysemetoder i ernæring | 5 | 4 | |||||||||
| NUTR111 | Seminar i ernæring 2 | 5 | 4 | |||||||||
| NUTR207 | Hovud- og mikronæringsstoff | 10 | 3 | |||||||||
| NUTR150 | Matvarekunnskap | 10 | 4 | |||||||||
| Tredje studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NUTR210 | Seminar i ernæring 3 | 5 | 6 | |||||||||
| NUTR230 | metodar i ernæringsforskning | 10 | 6 | |||||||||
| NUTR240 | Livsstil og livsløp | 15 | 5 | |||||||||
| MAR353A | Næringsmiddeltoksikologi | 5 | 6 | |||||||||
| NUTR255 | Hospitering | 10 | 6 | |||||||||
| AORG103 | Politikk og forvaltning | 15 | 5 | |||||||||
| Tredje studieår- valgemner | ||||||||||||