Gå til innhold
English A A A
Emne FIL120

Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår. Dersom det er grunnlag for det vil emnet og bli undervist om hausten.
Fagleg overlapp FIL120 overlappar med FIL101 (Innføring i filosofi: fra antikk til empirisme), FIL111 (Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria) og FIL112 (Klassiske filosofiske tekstar. Fortolking og argumentasjon).
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Det er eit særskild kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, samtidig som det gir eit oversyn over hovudtrekk ved europeisk tenknings historie som kan vere til nytte også i studiet av andre fag.

FIL120 skal gi studentane grunnleggjande kjennskap til sentrale problem, grunnomgrep og teoriar i europeisk filosofi fra antikken fram til opplysingstida. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale filosofiske teoriar og problemstillingar og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til grunnleggjande trekk ved europeisk filosofi fra antikken fram til opplysingstida. Dei skal ha innsikt i filosofiske grunnomgrep, problemstillingar, argument og teoriar knytt til perioden.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande filosofiske problemstillingar og argument frå perioden, og kunne analysere en problemstilling, drøfte denne, og kunne se sterke og svake sider ved argumenter og resonnement.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Undervisningssemester

Vår. Dersom det er grunnlag for det vil emnet og bli undervist om hausten.

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Krav til forkunnskapar

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Fagleg overlapp

FIL120 overlappar med FIL101 (Innføring i filosofi: fra antikk til empirisme), FIL111 (Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria) og FIL112 (Klassiske filosofiske tekstar. Fortolking og argumentasjon).

Undervisning og omfang

Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatoriske arbeidskrav

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpmiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Læremiddelomtale

Pensum er kommentarlitteratur, innførings- og oversynsverk i filosofihistorie.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no