Filosofiske originaltekstar frå opplysningstida til 1900-talet
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningssemester | Haust. Dersom det er grunnlag for det vil emnet og bli undervist om våren. |
| Fagleg overlapp | FIL123 overlappar med FIL111 (Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria) og FIL112 (Klassiske filosofiske tekstar. Fortolking og argumentasjon). |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Lesing av eldre og nyare filosofiske primærkjelder i form av originaltekstar er ein sentral del av studiet av filosofi som fag. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, og kan og vere til nytte i studiet av andre fag der tekstforståing og argumentasjon er viktig.
FIL123 skal gi studentane høve til fordjuping i utvalde originaltekstar fra europeisk filosofi fra opplysingstida til og med første halvdelen av det tjuande hundråret. Dei skal bli kjende med ulike måtar å lese og fortolke som filosofiske tekstar på. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til utvalde originaltekstar fra europeisk filosofi fra opplysingstida til og med første halvdelen av det tjuande hundråret. Dei skal ha kjennskap til historiske og kulturelle føresetnader og ha god innsikt i sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i desse tekstane.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studentane kunne identifisere sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i filosofiske originaltekstar. Dei skal også kunne analysere og drøfte argument, resonnement og retoriske strategiar i desse.
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til studium av andre fag, der tekstforståing og argumentasjon er viktig.
Undervisningssemester
Haust. Dersom det er grunnlag for det vil emnet og bli undervist om våren.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. FIL123 bør takast i samband med eller etter FIL121 (Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet)
Fagleg overlapp
FIL123 overlappar med FIL111 (Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria) og FIL112 (Klassiske filosofiske tekstar. Fortolking og argumentasjon).
Undervisning og omfang
Undervisninga har form av av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.
Vurderingsformer
Emnet har mappeevaluering. Studentane skal levere skriftleg svar på to oppgåver. Fristar blir sette av instituttet. Svara på begge oppgåvene skal være på 900-1200 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc).
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Læremiddelomtale
Pensum er utvalde filosofiske originaltekstar med kommentarlitteratur.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no