Bacheloroppgåve i filosofi - 20 studiepoeng
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 20 |
| Undervisningssemester | Vår og haust. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig saman med faglærar/rettleiar med eit nærare avgrensa tema. Temaet kan være avgrensa til særskilde filosofiske problemområde (til dømes etikk, politisk filosofi, erkjenningsteori eller metafysikk) eller tilnærmingsmåtar (til dømes fenomenologiske, eksistensfilosofiske eller språkanalytiske tilnærmingar), eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.
Kvart semester tilbyr instituttet undervisning i ei rekkje andre emne på 200-nivå. Tema for FIL251 skal vere knytt til eitt av desse undervisningstilboda. Oversyn kva for emne som vert undervist i det einskilde semester finst på Mi Side og på instituttet si heimeside.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- innsikt i eit nærare avgrensa tema innan særskilde filosofiske problemområde eller tilnærmingsmåtar, eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap
- oversikt over sentrale problemstillinger, argument og posisjonar innan dette temaet
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- kjenne att og kritisk vurdere hovudposisjonar og argument i fagfilosofisk litteratur innan temaet
- følgje med i den samtidsfilosofiske debatten innan temaet på eit nivå av moderat vanskegrad
- vurdere relevansen av temaet for andre filosofiske spørsmål, ev. for andre fag eller for meir allmenne samanhengar
- utarbeide klare, oversiktlege og relativt grundige skriftlege framstillinger innanfor temaet, eigna til bruk for eit fagleg såvel som eit meir allment publikum
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- vidare studiar basert på temaet, til dømes på masternivå i filosofi
- formidling av grunnleggjande innsikt i temaet, til dømes i form av undervisning i vidaregåande skule
- utarbeiding av dokument for utgreiing og rådgjeving til bruk i samanhengar der innsikt i temaet er relevant
Emnet inngår i studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Undervisningssemester
Vår og haust.
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium og avlagd eksamen i minst to av emna FIL111 (Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria), FIL112 (Klassiske filosofiske tekstar. Fortolking og argumentasjon) og FIL103 (Logikk, språk- og vitskapsfilosofi).
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Undervisning og omfang
For studentar som tek emnet i tilknytning til undervisinga i eit av dei opne emna er det faglærar i emnet som fungerer som rettleiar. I andre høve må studenten sjølv kontakte instituttet og få oppnemnt rettleiar.
Individuell rettleiing: inntil 3 timar per student.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før siste rettleiinga.
Individuell rettleiing ved faglærar.
Innlevering av pensumliste innan 30. april om våren og innan 31. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av faglærar og godkjennast av instituttet.
Vurderingsformer
Ei rettleia oppgåve på mellom 6000 og 8000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal være godkjent av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast elektronisk via Mi side og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Læremiddelomtale
Studenten legg opp pensum i samråd med faglærar.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no