Islandsk språk og samfunn
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | ISL101 og ISL104 overlappar, og ein vil ikkje få uteljing for meir enn 15 studiepoeng om ein tek begge emna. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Studiet skal gje studentane god innsikt i valde språklege tema, mellom anna språkpolitikk, purisme og skrivemåte av importord, dialektar, forholdet mellom eldre og moderne islandsk, utvikling av ordforråd, orddanning, bøying og produktivitet av ordprosessar.
Emnet kan inngå på nordisk 200-nivå - spesialisering i nordisk språk og litteratur, og tilfredstiller kravet til bacheloroppgåve.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal ha skaffa seg eit godt innblikk i pensum, slik at dei er i stand til å greie ut om dei enkelte temaa og sjå samanhengen mellom dei.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon
Fagleg overlapp
ISL101 og ISL104 overlappar, og ein vil ikkje få uteljing for meir enn 15 studiepoeng om ein tek begge emna.
Undervisning og omfang
Om lag 26 timer førelesingar, tilsvarande 1 dobbeltime i veka.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
1) Det er obligatorisk å levere og få godkjent pensumliste.
2) Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og ta mot rettleiing på den.
Frist for godkjenning av tema for semesteroppgåva er fem veker før endeleg innlevering.
Frist for innlevering av førsteutkast til semesteroppgåva er tre veker før endelig innlevering.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve og munnleg prøve.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og den munnlege prøva. Studentane må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %.
Det er høve til å ta eksamen i haustsemesteret dersom obligatoriske arbeidskrav er innfridde i det føregåande vårsemesteret.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Undervisningsstad
Bergen.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no