Gå til innhold
English A A A
Emne KJEM230

Analytisk organisk kjemi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.
Fagleg overlapp K234: 10 stp. K234A: 10stp
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Kurset skal gje ei innføring i korleis ein kan analysere organiske sambindingar ved hjelp av moderne kromatografiske og spektroskopiske metodar. Kurset dekkjar både kromatografiske separasjonsteknikkar og spektroskopiske metodar for oppklåring av strukturer av organiske sambindingar. Av spektroskopske metodar går ein inn på infraraud- (IR), ultrafiolett- (UV)og kjernemagnetisk resonans-(NMR) spektroskopi, og massespektrometri (MS). Kromatografidelen omhandlar teknikkar basert på adsorbsjon-, fordeling-, ionebytting- og eksklusjonsprinsipp. Vidare vert prøveopparbeiding, kvantitativ analyse og kombinerte metodar med kromatografisk separasjon og spektroskopisk deteksjon behandla. Aktuelle problemstillingar henta frå industri (farmasøytisk-, matvare-, etc.) og kontrollarbeid (miljø-, doping-, etc.) vert presentert.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne KJEM230 skal studenten kunne:

  • velje strategiar for å separere ulike organiske sambindingar ved hjelp av moderne kromatografiske metodar.
  • tolke spektroskopiske data frå IR, UV, NMR og MS enkeltvis og kombinert for å avklåre strukturen til enkle organiske sambindingar
  • gjere enkle kromatografiske separasjonar og spektroskopiske analyser på instituttet si instrumentering.
  • foreta strukturoppklaring basert på teoretiske data innhenta ved hjelp av organiske analysemetodar.

Undervisningssemester

Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

KJEM110, KJEM130, KJEM131, eller tilsvarande

Fagleg overlapp

K234: 10 stp. K234A: 10stp

Obligatoriske arbeidskrav

Laboratoriekurs m/journal. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel lommekalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.