Biletkunst, arkitektur og visuell kultur i nyare tid (1750-1900)
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet tar opp ulike tema i kunst, arkitektur og visuell kultur i Noreg og i resten av Europa frå 1700- og 1800-talet. Framveksten av den moderne kunstinstitusjonen frå 1700-talet og den tidlege modernismen på 1800-talet er sentrale tema. Emnet legg óg særleg vekt på dei endringane som ny vitskap, teknologi og mekanisering førte med seg - inkludert introduksjonen av fotografiet. Vidare vil vi tematisere kunsten si rolle i høve til politiske prosessar, som til dømes nasjonsbygging og kolonisering. Emnet skal gi grunnleggjande breiddekunnskap og overblikk, men val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studentane:
- Ha kunnskap om sentrale utviklingstrekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur i perioden 1750-1900.
- Kunne analysere, tolke og drøfte ulike verk i ein kunsthistorisk kontekst, og syne kva geografisk tilhøyring, datering og attribuering ulike kunstverk frå perioden har.
- Kjenne att karakteristiske trekk, og kunne formulere ei grunngjeving og argumentasjon for desse
- Ha generell kompetanse i bilettolking og arkitekturanalyse.
.
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er og open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kunsthistorieemna KUN121 og 122 vil vere ein føremon.
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt som førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimar. Førelesingsrekkja startar med ei innføring i bruk av digitalt verktøy for bilet- og arkitekturanalyse.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Ein skriftleg breiddetest vil bli gitt i slutten av semesteret. Breiddetesten må vere godkjend før kandidaten kan gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Eksamen er ein førebudd munnleg prøve der studenten skal presentere og diskutere eit kunst- eller arkitektonisk verk som er omhandla i pensum.
Karakterskala
Karakterskala A til F, der E er siste ståkarakter
Læremiddelomtale
Pensum er på om lag 1000 sider.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering av undervisningstilbodet blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.