Gå til innhold
English A A A
Emne KUN321

Kunsthistorie: seminarinnlegg

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet er ei fordjuping i forskingsfeltet til masteroppgåva.

Emnet skal læra studentane å avgrensa problemstillingar og arbeida systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.

Læringsutbyte/resultat

Emnet styrkjer kompetansen i å arbeide vitskapeleg.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studienivå

Master.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i Kunsthistorie

Krav til forkunnskapar

Eksamen i KUN311skal vere greidd før ein kan ta KUN321.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Obligatoriske arbeidskrav

Studenten skal halde to munnlege seminarinnlegg med tilknyting til mastergradsoppgåva. Dei munnlege innlegga skal ikkje vare lenger enn 30 minutt. Tema for innlegga skal veljast i samråd med rettleiar. Rettleiar deltar på seminaret når studenten held innlegga sine.

Deltaking på seminaret er obligatorisk, og vert godkjend med maksimum 20 prosent fråvær.

Vurderingsformer

Dei obligatoriske munnlege innlegga skal leverast i skriftleg form i same semester som det munnlege seminaret, og dei skriftlege innlegga utgjer eksamen i emnet. Omfanget av dei skriftlege innlegga skal vera 10 sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller liknande skrifttype. (Karakteren vert fastsett av emneansvarleg og rettleiar.)

Karakterskala

Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no