Gå til innhold
English A A A
Emne KUVI202

Kulturformidling

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår.
Fagleg overlapp Ingen
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Læringsmål:KUVI202 har som mål å gje innsikt i kunnskapsbasert formidling. Emnet tek sikte på å utvikla teoretisk innsikt, kreativ tenking og praktisk dugleik når det gjeld å få fram kunnskap og bestemte bodskapar til ulike målgrupper. Forståinga av samspelet mellom teori og praksis i ein formidlingsstrategi og av valet mellom formidlingsformer blir tileigna ved at studentane utviklar eit eige formidlingskonsept under tett oppfølgjing av den emneansvarlege.

Fagleg innhald:KUVI202 legg vekt på ein læringsprosess i kulturfagleg formidling som knyter saman teoretisk og praktisk kunnskap. Det blir gjeve innsyn i og kunnskap om tradisjonelle så vel som nyare formidlingsformer, som utstilling, ulike slag installasjon, kulturløype, temakveld, biletspel, festival og musikkevenement. Det blir gjeve innsyn i prinsippa for god formidling gjennom val av og samspel mellom bilete, gjenstand, tekst, lyd, lys, lukt og rom. Noko av læringa går føre seg i samarbeid med fleire museum. Her får studentane høve til å diskutera og evaluera kunnskapsinnhald, form og formidlingspotensial i ulike utstillingar.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar:
Ved endt studium har studentane fått breid kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innafor kulturfagleg formidling og har definert dette i eit praktisk konsept.

Ferdigheiter:
Studentane kjenner til og kan bruka relevante metoder for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte. Dei kan også skriva ein resonnerande tekst.

Generell kompetanse:
Studentane kan utføra prosjektbasert arbeid, planleggja og gjennomføra arbeidsoppgaver som strekkjer seg over tid og kan meistra relevante kommunikative sjangrar.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Krav til studierett

Emnet er opent for studentar med studierett på UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI101 og KUVI 102.

Fagleg overlapp

Ingen

Undervisning og omfang

Normalt 10-12 førelesingar. Undervisinga er basert på førelesingar og seminar, samt ein ekskursjon. Mykje av arbeidet er prosjektorganisert. Studentane blir organiserte i grupper med frå 3 til 5 medlemmer. Gruppa utarbeider konsept og tekstar til det valte formidlingsprosjektet i samråd med faglærar. Ei anna arbeidsform kan vera å gje ei skriftlig evaluering av til dømes eksisterande utstillingar, festivalar og spel. Faglærar gjev minst to rettleiingar på gruppa sitt arbeid i løpet av semesteret. Studentane fører loggbok over arbeidet.

Obligatoriske arbeidskrav

Loggboka, som dokumenterer prosess og medverknad, skal signerast av alle i gruppa, og leverast inn saman med prosjektoppgåva. Frist for innlevering blir publisert på Mi Side.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er knytt til resultatet av gruppa sitt arbeid, og evalueringa er todelt. Fyrste del er ei vurdering av gruppa sitt skriftlege fellesarbeid, prosjektoppgåva, som vil få ein felles bokstavkarakter. Andre del er ein individuell justerande munnleg eksamen knytt til gruppearbeid og fellespensum.

Eksamen blir berre arrangert i vårsemesteret. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylde for å kunne møte til eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200 - 1500 sider. Av desse skal om lag 300 sider vera knytt til det aktuelle formidlingsarbeidet.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no