Gå til innhold
English A A A
Emne MUPED202

Pedagogikk 2

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Emnet startar i haustsemesteret og går over to semester. 
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

 

 Arbeidet i pedagogikkemna skal sikre samspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaringar og

didaktisk refleksjon. Emnet vektlegg særleg følgjande målområde:

¿ læraren og organisasjonen

¿ læraren og samfunnet

Målområda læraren og organisasjonen og læraren og samfunnet nærmar ein seg mellom anna

ved å sjå på skule, verdigrunnlag og samfunnsoppgåve, på skuleorganisasjonar, på yrkesetikk og

yrkesrollas utøving, på endringsprosessar og på pedagogiske forsøks- og utviklingsarbeid.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal på grunnlag av læringsmåla og det faglege innhaldet ha eit medvite forhold til

eiga rolle som lærar, slik at dei på gode måtar kan planleggje, gjennomføre, vurdere og utvikle

eigen lærarpraksis, åleine og i samspel med andre.

 

Studenten skal:

- forstå verdigrunnlag i skule og musikkliv

- forstå og reflektere kring skule og utdanning i samfunnsperspektiv, så som endringsprosessar

som påverkar skule og musikkliv

-reflektere kring og forstå lærarrolla i høve til m.a. skulekultur og yrkesetikk

Vidare skal studenten kunne bruke denne kunnskapen i kritisk refleksjon kring ulike former for

musikkpedagogisk praksis.

Undervisningssemester

Emnet startar i haustsemesteret og går over to semester.

 

Krav til forkunnskapar

Emnet føreset at studenten er teken opp på programmet Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande musikk (60 stp).

Studenten må ha gjennomført og greidd MUPED201 Pedagogikk 1

Undervisning og omfang

Fellesundervisninga er om føremiddagen og omfattar mellom anna undervisningsmetodar som

førelesing og gruppearbeid.

 

Obligatoriske arbeidskrav

All undervisning er obligatorisk. Fråver på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

2,5 timars skriftleg prøve i slutten av haustsemesteret som vert vurdert av to faglærarar. Prøva

må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen. 

Vurderingsformer

Semesteroppgåve, praksisrefleksjon 4000 ord, vår.

Munnleg eksamen vår, ca. 25 min.

To interne og ein ekstern sensor.

 

 

Karakterskala

Gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Dei to eksamensdelane vektast likt i

karakterfastsettinga.

Læremiddelomtale

Felles pensum.

 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

 

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no