Andrespråkslæring og -undervising (fjernstudium)
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust eller vår. |
| Fagleg overlapp | NORAN104-F og NORAN104 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet har språklæringsprosessen og språkundervisninga som hovudfokus. Såleis fell det naturleg i to delar, språklæringsteori og andrespråksundervisning, men dei to delane må sjåast på som ein integrert heilskap. Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis språket blir lært, og på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning.
Den språklæringsteoretiske delen av emnet omfattar mange ulike aspekt. Eitt sentralt tema er sjølve gangen i læringsprosessen, dei kognitive, kjenslemessige og sosiale sidene av språklæringa, og skilnader og likskapar mellom å lære språk som førstespråk, andrespråk og framandspråk. Sentralt står også spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, om læringsprosessen følgjer generelle og rigide mønster eller varierer frå individ til individ, t.d. etter kva som er innlæraren sitt førstespråk, og sist, men ikkje minst, om korleis læringsprosessen kan påverkast av ytre stimuli som t.d. undervisning. Språklæringsprosessen vert også sett i samband med sosial og kulturell kontekst.
Den didaktiske delen av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der til dømes den tospråklege situasjonen er eit utgangspunkt. Difor vil emnet gje innsikt i moderne tospråklegheitsteori, t.d. kva det vil seie å vere tospråkleg (eller fleirspråkleg), ulike former for individuell tospråklegheit, både som tilstand og som prosess, og i ulike situasjonar. Den språkdidaktiske delen av pensumet syner korleis språkundervisninga blir implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Hovudvekta i didaktikkpensumet ligg på ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp, medan praktisk metodikk fell utanfor. Hovudfokuset er på Noreg og det norske samfunnet. Både grunnskulen, den vidaregåande skulen og vaksenopplæringa vert omhandla. Emnet skal også gje noko innblikk i kartlegging og vurdering av språkferdigheiter, både innanfor og utanfor undervisningssituasjonen.
I studiet inngår grunnleggjande opplæring i analyse av innlærarspråk. Analysen integrerer både språklege og læringsteoretiske problemstillingar, og viser at studenten kan bruke kunnskapen sin til pedagogiske føremål.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten ha tileigna seg dei læringsteoretiske og didaktiske kunnskapsressursane han treng som språkpedagog, dvs. kunne undervise på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte, og ha så gode språkpedagogiske kunnskaper at han som praktiserande lærar kan nyttiggjere seg desse i undervisninga.
Undervisningssemester
Haust eller vår.
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Studenten må vere oppteken til Andrespråkslæring og -undervisning (Vidareutdanning)
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.
Fagleg overlapp
NORAN104-F og NORAN104 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Undervisning og omfang
Ein del av undervisninga blir gjeven som førelesingar ved hjelp av audio- og videogram, men hovudsakleg er undervisninga nettbasert og interaktiv av karakter, og det er ein føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten.
I tillegg til den aktiviteten som går føre seg i plenum på nettet, deltek studentane òg i nettgrupper. Denne nettgruppeaktiviteteten, omfattar mellom anna nettkollokvium i 'sann tid', i eit omfang på to timar kvar veke til eit visst klokkeslett.
Etter nærare retningsliner fastsette av instituttet leverer studentane inn oppgåvesvar og får tilbakemelding på det faglege innhaldet og praktiske råd når det gjeld rett bokmål, nynorsk og teiknsetjing. Det blir lagt vekt på at studentane skal få trening i å kommentere medstudentane sine oppgåver.
I løpet av emnet skal kvar student ha presentert oppgåva si for gruppa og fått tilbakemelding frå medstudentane. Når faglæraren har vurdert oppgåva, har studenten høve til å omarbeide henne, men det omarbeidde produktet skal ikkje gjennom noka vidare førehandsgodkjenning. Denne oppgåva inngår i sluttvurderinga.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere utkast til oppgåva og å motta rettleiing på denne frå faglærar. Instituttet gjev nærare retningslinjer og fristar.
Deltaking i nettkollokvia er obligatorisk. Fråvær på meir enn 25 % medfører tap av retten til å gå opp til eksamen.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera, jamfør ordinære reglar.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar og ei rettleidd oppgåve. Den skriftlege prøva tel 60 % og den rettleidde oppgåva 40 % av den samla karakteren. Ein må stå på både den rettleidde oppgåva og eksamensoppgåva dersom ein skal stå på heile eksamen.
Kandidaten nyttar målform etter eige val.
Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjente og gyldige obligatoriske arbeidskrav. Kandidatane kan velje om dei vil ta opp igjen ein eller begge eksamensdelane. Den rettleidde oppgåva er oppgåva frå undervisningssemesteret; kandidaten har høve til å forbetre den, men kan ikkje få rettleiing.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Karakterskala
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Teoripensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og blir fastsett av instituttet.
Studentane skal leggje opp tre forskjellige mellomspråkstekstar som kan danne grunnlag for eksamen.
I samband med analyse av mellomspråkstekstane legg studenten opp kortfatta innføringar i to minoritetspråk i Noreg. Desse språka skal ikkje lærast for praktisk-kommunikative føremål men for å illustrere språklege og læringsteoretiske problemstillingar, og som ein didaktisk reiskap. Både mellomspråktekstane og dei to minoritetsspråksmonografiane inngår i teoripensumet.
I tillegg til teoripensumet skal studenten gjere seg kjend med to læreverk i norsk som andrespråk, eitt for grunnskulen eller den vidaregåande skulen og eitt for vaksenopplæringa. Han skal også ha kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningsliner knytte til desse.
Undervisningsstad
Nettbasert studium.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no