Nordisk: Språkleg masteremne
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår. |
| Fagleg overlapp | Undervisninga er felles med NOSP212. Ettersom innhaldet på dette emnet og NOSP212 Språkleg fordjupingsemne kan variere, er det mogleg å ta begge emna i ulikt semester. Ein føresetnad er at pensumet på dette emnet ikkje overlappar med det på NOSP212. Av denne grunnen må kvar student levere pensumliste, som eventuelt kan avvike i varierande grad frå den som undervisninga tek utgangspunkt i. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Dette emnet vil ha varierande innhald avhengig av undervisningsressursane og -interessene i fagmiljøet. Fokuset vil normalt liggje på tema og disiplinar som det ikkje er rom for i dei andre emna som vert tilbodne i nordisk språk. Tema som knyter nordisk språk til grannedisiplinar, kan òg vere aktuelle. Emnet byggjer, i varierande grad, på kunnskapar og dugleik frå dei språklege emna på bachelornivå og fører desse vidare, slik at studentane får ein fordjupa kjennskap til dei språklege og språkrelaterte fenomena og teoretiske tilnærmingar til dei.
Tema våren 2014: Grammatisk teori
Læringsutbyte/resultat
Når emnet er gjennomført, skal studenten kunne nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte språklege fenomen og teoretiske tilnærmingar til dei tematiserte språklege og språkrelaterte fenomena som har vore handsama. Studenten skal vere i stand til å gjennomføre tematisk relevante undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsspråk
Norsk og ev. dansk og svensk.
Studienivå
Master.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Fagleg overlapp
Undervisninga er felles med NOSP212. Ettersom innhaldet på dette emnet og NOSP212 Språkleg fordjupingsemne kan variere, er det mogleg å ta begge emna i ulikt semester. Ein føresetnad er at pensumet på dette emnet ikkje overlappar med det på NOSP212. Av denne grunnen må kvar student levere pensumliste, som eventuelt kan avvike i varierande grad frå den som undervisninga tek utgangspunkt i.
Undervisning og omfang
Undervisninga er felles med NOSP212.
Undervisning som tilsvarar éin dobbeltime i veka i 13 veker, men kan bli ordna i bolkar. Har delvis seminarform, der studentane er forventa å delta i diskusjonar og ha innlegg om avgrensa delar av pensumet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere og få godkjend pensumliste.
Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Skriftleg skoleeksamen på 6 timar.
Ingen andre hjelpemiddel er tillatne enn slike som vert delte ut saman med eksamensoppgåva.
Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensumet skal tilsvare om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no