Gå til innhold
English A A A
Emne NOSP314

Nordisk: Språk i Norden

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp NOSP211, NOSP214, NOSP254 og NOSP314 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet skal utvide og styrkje studentane sin kjennskap til og kunnskap om dei nordiske språka. Ein les kortare notidstekstar (både skjønnlitterære og andre) og arbeider språkleg med dei. Studentane vert betre kjende med både lydlege, grammatiske og leksikalske særdrag ved språka, og det vert lagt vekt på jamføring av språka. Emnet har eitt eller nokre få teoretiske fokus; dei kan vere språkhistoriske, grammatiske, sosiolingvistiske eller knytte til andre disiplinar innanfor den nordiske fagkrinsen.

Læringsutbyte/resultat

Når emnet er gjennomført, skal studenten ha danna seg eit oversyn over nordiske språk, både språkleg, kulturelt og historisk. Studenten skal kunne omsetje kjende og ukjende danske og svenske tekstar til idiomatisk norsk, og enkle tekstar på færøysk og islandsk skal kunne omsetjast med ordbok. Studenten skal kunne gjere greie for viktige særdrag ved dei ulike språka i dei perspektiva som pensum og undervisning har hatt, og samanlikne dei. Studentane skal kunne drøfte og resonnere kritisk rundt problemstillingar innanfor emnet sitt definerte felt.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk og ev. dansk og svensk. 

Studienivå

 Master.

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

 

Fagleg overlapp

NOSP211, NOSP214, NOSP254 og NOSP314 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Undervisning og omfang

Undervisninga er felles med NOSP214/254.

Førelesingar tilsvarande 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen.

Vurderingsformer

Skriftleg prøve på 6 timar.

Ingen andre hjelpemiddel er tillatne enn slike som vert delte ut saman med eksamensoppgåva.

Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.  

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.