Hovud- og mikronæringsstoff
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Høst |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet gir ei detaljert innføring i dei energigivande næringsstoffa sin fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon med vekt på næringsemna sin funksjon og biokjemi.
Emnet skal i tillegg gi ei detaljert forståing av korleis dei ulike mikronæringsstoffa, og i samspill med makronæringsstoffa, påverkar utvikling, vekst og helse hos menneske.
Vidare blir kosthaldet sin innverknad på normal utvikling og helse vektlagt; nokre av dei mest aktuelle kosthaldsrelaterte helseproblem og korleis desse har samanheng med levekår og livsstil. Det blir fokusert på kjelder til og behov for dei ulike næringsstoffa, næringsstofftilrådingar og korleis slike tilrådingar skal tolkast.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten kunne:
Kunnskaper:
- forklare kva funksjon makro- og mikronæringsstoffa har hos menneske
- beskrive fordøying, absorpsjon, omsetning og molekylærbiologisk funksjon av næringsstoffa
- gjere greie for mekanismane for regulering av dei ulike næringsstoffa og kva forstyrringar i næringsstoffbalansen kan ha for sjukdommar (som til dømes diabetes mellitus og jernmangelanemi)
Ferdigheter:
- beherske fagterminologi innenfor næringsstoffa sin biokjemi
- tolke vitenskapelege tekstar som til dømes artiklar innanfor ernæring
- vise innsikt i korleis næringsstoffa tas opp i kroppen, korleis de blir omsatt, kva for biokjemiske mekanismar dei inngår i og kvifor for mykje eller for lite av næringsstoffa kan gje sjukdom
Kompetanse:
- anvende kunnskapen om næringsstoffa sine grunnleggande biokjemi innanfor andre område i ernæringsfaget
Undervisningssemester
Høst
Undervisningsspråk
Norsk og eventuelt engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogram i human ernæring. Studentar frå andre studieretningar ved eller utanfor Universitetet i Bergen kan søke om hospitantstatus innan 1. desember / 1. juni for komande semester. Sjå http://link.uib.no/?hospitering for meir informasjon.
Krav til forkunnskapar
BIOBAS eller tilsvarande.
Undervisning og omfang
Førelesingar
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
En underveisvurdering (for eksempel semesteroppgave eller multiple choice test) og en fire timers skriftlig eksamen. Totalkarakteren blir et vektet snitt av disse to karakterene.
Karakterskala
Karakterskala A til F.
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Kontaktinformasjon
studie-nutrition@uib.no/ (+47) 55 97 73 45 / (+47) 55 58 25 35