Gå til innhold
English A A A
Emne PSYK140

Åtferd, helse og ernæring

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane kunnskap om sentrale aspekt ved kosthald og ernæring og deira rolle for åtferd, kognisjonar, mental og somatisk helse. Emnet gir innsikt i korleis kosthald kan sjåast som ein del av eit større livsbilde, og kva for strukturelle og individuelle faktorar som kan vere med å forklare utvikling av matvareintoleranse, eteforstyrringar og overvekt. Studentane skal utvikle kompetanse og ferdigheiter i kva som er gode og verksame tiltak for å fremje eit helsegunstig kosthald med vekt på samspel mellom individuelle og strukturelle faktorar.

Emnet vil gje ei innføring både i kosthald/ernæring som ein viktig basis for åtferd og psykisk helse, samt tiltak som kan setjast i verk for å fremje eit gunstig kosthald med tanke på psykisk helse. Tiltaksutviklinga vil bli sett i relasjon til den observerte auken i overvekt som gjer seg gjeldande både i Noreg og i andre vestlege land.

 

Læringsutbyte/resultat

Kunnskaper

 

Etter fullførd emne skal studentane kunne gjere greie for og diskutere:

    • Sentrale element ved ernæring og hjernefunksjon
    • Feilernæring som en risikofaktor for utvikling av psykiske lidingar.
    • Samanhengen mellom hjernen, ernæring, energiregulering og:
      • Emosjonar
      • Kognitive funksjonar
      • Døgnrytmer
      • Søvn
      • Stress

 

    • Psykobiologiske aspekt ved
    • Matvareintoleranse
    • Matvareoverkjensle
    • Eteforstyrringar
    • Overeting
    • Funksjonelle mageplager
    • Regulering av appetitt og eteåtferd

 

    • Leggje eit grunnlag for helsefremjande kosthald i barne- og ungdomsåra
    • Preventive tiltak retta mot personar med risiko for kosthaldsrelaterte lidingar
    • Tilretteleggjing for gunstig kosthald i skule og på arbeidsplassar

 

    • Eteforstyrringar
    • Diagnostiske kriterium, klinisk forståing
    • Sentrale hypotesar om korleis slik lidinger utviklast
    • Helsekonsekvensar
    • Psykologiske intervensjonar
    • Rolla som behandler

 

    • Målemetodar for å måle eteåtferd, eteforstyrringar og fysisk aktivitet
      • Drøfte sterke og svake sider ved bruk av slike metodar.

Ferdigheiter

Etter fullførd emne skal studenten kunne:

    • Formidle kunnskap tilegna kurset gjennom å anvende akademisk skriving - gi ein klar fremstilling av teori og empiri

Generell kompetanse

Ved fullførd emne skal studenten kunne:

    • Redegjere for og diskutere sentrale perspektiv og tema innan biologiske, psykologiske, sosiale og strukturelle aspekt ved læring

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Engelsk

 

 

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Undervisninga blir hovudsakleg gitt i form av førelesingar, men seminar med gruppeøvingar og gruppeoppgåver vil bli inkludert for å gi studentane trening i å leggje fram relevante problemstillingar og teori.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 2 av 3 essayoppgåver.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Læremiddelomtale

Litteraturforslag for emnet er på ca. 1000 sider.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.