Nordisk retorikk med bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår. |
| Fagleg overlapp |
RET255 og RET205 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet Nordisk retorikk tar for seg historiske og systematiske aspekt ved retorikken innanfor nordiskfaget. Retorikken fokuserer på litteratur som kommunikasjon i eit samspel mellom avsendar, verk og mottakar. Kurset vil ha vekslande innhald. Dels vil ein fokusere på retorikken i produksjon og resepsjon av litteratur. Men nordiskfaget sin eigen retorikk, til dømes innan litteraturhistorieskriving, vil òg vere eit tema. Det vil vere viktig å skapa dugleik i å nytte retoriske omgrep på analysedøme.
Emnet er ein del av bachelorprogrammet i retorikk. Studentar på dette programmet som tar ei dobbel spesialisering i retorikk og nordisk språk og litteratur, må ta RET255 som eit obligatorisk emne på 200-nivå.
Studenter som spesialiserer seg i nordisk språk og litteratur, kan ta RET255 i staden for eit anna valemne på 200-emne i nordisk språk og litteratur.
RET255 kan også takast som frie studiepoeng.
Emnet kan òg inngå som valemne i masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.
Tema våren 2014: Essayets retorikk. Felles undervisning med NOLI212/NOLI312/RET205.
Læringsutbyte/resultat
RET255 gjev kompetanse i å nytte retoriske omgrep på ulike tekstar frå nordisk litteratur.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Årsstudium i nordisk språk og litteratur eller RET101 (Allmenn og praktisk retorikk).
Fagleg overlapp
RET255 og RET205 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Undervisning og omfang
Undervisninga er felles med RET205.
Undervisninga blir normalt gjeve som vekentlege førelesingar eller seminarundervisning. Undervisninga vil òg vere tilrettelagd for studentar på 300-nivå i nordisk språk og litteratur.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningsliner for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på den.
Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve og munnleg prøve.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og den munnlege prøva. Studenten må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %.
Karakterskala
Bokstavkarakterar, A-F.
Læremiddelomtale
Pensum er ca. 1000 sider.
Undervisningsstad
Bergen.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no