Fysiologi og ernæringslære
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Undervisninga i fysiologi integrerer læringsutbytet frå anatomi-, kjemi- og biokjemiundervisningen, og har som mål å auke studentane si forståing av korleis kroppen sine organsystem samarbeider for å sikre at alle cellene i kroppen til ei kvar tid lever i eit optimalt miljø. Det vert fokusert på korleis det indre miljøet i kroppen (homeostasen) vert overvaka 24 timar i døgnet gjennom nervøse og hormonelle reflekser, og kvifor denne overvakinga er naudsynt for at kroppen skal fungere normalt.
Læringsutbyttet i fysiologi dannar grunnlag for den påfølgjande undervisninga i ernæringslære, som skal gje innsikt i samspelet mellom kosthold og helse. Målet er at studentane skal verte bevisste på at ernæringsråd som gjeld oral helse også spelar inn på helsa generelt.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten kunne:
Kunnskapar
- Beskrive sentrale fysiologiske prosessar i menneskekroppen som nervøs og hormonell kontroll, respirasjon og gasstransport, sirkulasjon og muskelkontraksjon og seksuallivet sin fysiologi.
- Forstå basal ernæringslære og vite funksjonen til dei viktigaste næringsstoffa, sporstoffa og andre essensielle komponentar i ernæringa.
- Kjenne til korleis ein samlar kunnskap om ernæringssituasjonen til grupper i befolkninga og kva for anbefalingar for sunt kosthold som vert gjevne.
Ferdigheiter og generell kompetanse
- Forklare basale fysiologiske og ernæringsmessige forhold som kan påverke helsa til ein pasient.
- Delta i fagleg diskusjon med medstudentar og undervisarar innan emna fysiologi og ernæringslære.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisning og omfang
Totalt rundt 40 timar med førelesingar.
Vurderingsformer
4 timars skriftleg eksamen.
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
Skriftleg evaluering via Mi side.
Kontaktinformasjon
Institutt for biomedisin
studie@biomed.uib.no
(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95
Emneansvarleg:
Torbjørn Dall-Larsen, http://uib.no/personer/Torbjoern.Dall-Larsen