Fordjuping i tysk språk
Fakta om studiet
| Emnekode | TYS201 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Vår |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Tysk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for fremmedspråk |
Kontakt
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Mål og innhald
Emnet skal gi auka kunnskap om og fordjupa innsikt i to eller tre tema innan tysk språk/språkvitskap og/eller fagdidaktikk i eit språklæringsperspektiv. Kvart tema skal helst studerast i to eller fleire ulike framstillingar for å trene opp evna til sjølvstendig vurdering av lærestoff.
TYS201 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk for studentar som skriv bacheloroppgåve i litteratur (TYS252).
Læringsutbyte/resultat
KUNNSKAPAR
Kandidaten
- har brei, generell kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og metodar innan tysk som forskingsfag
- har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen og dybdekunnskapar innanfor eit avgrensa område
- har kjennskap til og kan bruke relevante kommunikative sjangrar
DUGLEIKAR
Kandidaten
- kan utarbeide og presentere eit prosjekt på tysk (skriftleg og munnleg).
- kan reflektere over språklege nyansar mellom norsk og tysk og nyttiggjere seg det i munnleg og skriftleg bruk av tysk.
- kan bruke eit presist språk- og litteraturvitskapleg omgrepsapparat på ulike teksttypar og problemstillingar i eige forskingsarbeid.
- kan uttrykkja seg presist om faglege problemstillingar, analysar, tolkingar og konklusjonar innan eige fagområde
- kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av tileigna faglege kunnskapar
- kan setje seg inn i og kritisk vurdere bruk av teoriar, metodar og tolkingar innanfor eige fagområde
- kan skaffe seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- kan oversette frå tysk til norsk og norsk til korrekt tysk både munnleg og skriftleg.
- kan finne fram til relevante kilder og bibliografiar både på nettet og i oppslagsverk og bruke dei kritisk i eige arbeid
- kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kan bruke dei metodar og analyseverkty som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innanfor eige fagområde
- kan halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
- kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet.
Undervisningssemester
Vår
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har teke TYS111, TYS112, TYS113 og TYS114 eller har tilsvarande kunnskapar.
Undervisning og omfang
- Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar.
- 2 dobbeltimar
- 12 veker
Obligatoriske arbeidskrav
I løpet av studiet skal studentane halde ein munnleg presentasjon med skriftlege støtteark på 2-3 sider. Studentane vel tema i samråd med faglærar.
Presentasjon med støtteark må vere godkjend av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Eksamen er ein 6 timars skriftleg skuleeksamen (utan hjelpemiddel).
Det blir arrangert eksamen kvart semester.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum utgjer ca. 200 sider, fordelte på to eller tre tema.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.