Tyskspråkleg litteratur

Fakta om studiet

EmnekodeTYS114
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Tysk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Mål og innhald

Emnet omfattar ei generell innføring i historia til den tyskspråklege litteraturen frå det 18. hundreåret fram til i dag og ei innføring i litterær analyse med utgangspunkt i eit utval litterære verk eller utdrag av verk (epikk, dramatikk og lyrikk).

TYS114 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk.

Læringsutbyte/resultat

Med utgangspunkt i dei verka studentane les, skal dei tileigne seg kunnskap om hovudtrekk i utviklinga av den tyskspråklege litteraturen etter ca.1750, grunnleggjande dugleik i litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver og utvikle eit reflektert og sjølvstendig forhold til stoffet.

Undervisningssemester

Haust

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har bestått TYS112 eller tilsvarande.

Fagleg overlapp

TYS114-F (100%)

Undervisning og omfang

- Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar og gruppeundervisning som føreset aktiv deltaking frå studentane.
- Tre dobbeltimar
- 12 veker

Obligatoriske arbeidskrav

Det er obligatorisk med rettleiing av den skriftlege oppgåva (sjå vurderingsformer).

Vurderingsformer

Eksamen er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen (utan hjelpemiddel) og ei skriftleg rettleia oppgåve på ca. 1500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste.

Begge eksamensdelane må vere greidde i same semesteret.

Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel skuleeksamen 60% og den rettleia oppgåva 40%.

Det blir arrangert eksamen kvart semester.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Karakterskala

 Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum omfattar eit utval litterære verk, ei kort innføring i litterær analyse og i litteraturhistoria frå det 18. hundreåret fram til i dag.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.