UiB : Det psykologiske fakultet : IPP :

 

   

Informasjon for søkjarar PPU

 

   

Informasjon
for studentar

 

 

Prosedyrer for opptak til PPU

Søknadsfrist for eittårig fulltidstudium PPU er 15. april for oppstart haustsemesteret og 15. oktober for oppstart vårsemesteret.

Opptak til PPU blir gjort lokalt ved UiB. Det er ikkje mogleg å søke om opptak til studiet gjennom Samordna opptak. Ein søker om opptak til PPU gjennom Søknadsweb. Alle som har norsk personnummer kan bruke Søknadsweb. Søknadsweb for PPU opnar omlag ein månad før søknadsfristen kvart semester.

Til våropptaket 2008 opnar søkandsweb for PPU onsdag 26. september.

Du må vere kvalifisert for å følgje to av fagdidaktikkemna som UiB har tilbod i for å kunne byrje på PPU. Når du søker om opptak til PPU gjennom Søknadsweb blir du bedt om å velje kva fagdidaktikkemner du søker om opptak til. Det er difor viktig at du på forhånd les gjennom informasjonen på lenkene under slik at du veit kva du skal velje.


Du skal kun velje fagdidaktikkemne du er kvalifisert til, og du er sjølv ansvarleg for å velje riktig.I Søknadsweb blir du bedt om å rangere fagdidaktikkemna du søker om opptak til. Alle studentar på PPU skal ha undervisning i to fagdidaktikkemne, så prioriteringa har kun relevans for dei som kvalifiserer for opptak til meir enn to fag. Dei dette gjeld treng ikkje tenke taktisk i høve til prioritering av fag og sjansar for opptak til PPU, søkjarane blir alltid vurdert i alle fagkombinasjonar på prioriteringslista viss opptaket er avhengig av dette.

Utfyllande informasjon om fagdidaktikktilbod, undervisningsfag og opptakskrav finn du i lenkene under. Fagdidaktikktilbodet for hausten 2007 blir offentleggjort omlag ein månad før søknadfristen:

Generell informasjon om oppbygginga av PPU-studiet finn du på nettsidene til seksjon for lærarutdanning.

Vi gjer merksame på at Griegakademiet tilbyr eit eige PPU i utøvande musikk, også dette med søknadsfrist 15. april.

Søkjarar som tidlegare har fullført 1. semester PPU og som ynskjer å søke seg inn direkte på 2. semester skal ikkje søke opptak gjennom Søknadsweb. Desse sender innan søknadsfristen skriftleg søknad i brevs form til Det psykologiske fakultet, Institutt for utdanning og helse, Seksjon for lærerutdanning - Opptak til PPU, Postboks 7800, 5020 BERGEN.

 

PPU deltid:

UiB tek ikkje opp nye studentar til PPU deltid.

 

 


     
    Skillelinje
   
UiB Logo, peker til offisiell side