Arabisk språk og samfunn
Fakta om studiet
| Emnekode | ARA252 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Vår, Haust |
| Undervisingsspråk | Norsk og/eller engelsk Norsk og/eller engelsk |
| Antall semester | 1 |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for fremmedspråk |
Kontakt
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Mål og innhald
Målsetjinga er at studentane skal få ei vidareføring av spørsmål og metodar i språkvitskap som blei introduserte i emnet ARA115. Undervisninga førebur studentane på bacheloroppgåva.
Bacheloroppgåva kan behandle spørsmål frå følgjande område: klassisk og moderne standardarabisk og dei noverande dialektane, diglossi, skilnader i skriftleg og tala standardarabisk, , språkpolitikk i arabisktalande land, tilpassinga av standardspråket til moderne behov og språksituasjonen generelt i Midtausten.
Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.
Mål og innhald
Målsetjinga er at studentane skal få ei vidareføring av spørsmål og metodar i språkvitskap som blei introduserte i emnet ARA115. Undervisninga førebur studentane på semesteroppgåva.
Semesteroppgåva kan behandle spørsmål frå følgjande område: klassisk og moderne standardarabisk og dei noverande dialektane, diglossi, skilnader i skriftleg og tala standardarabisk, , språkpolitikk i arabisktalande land, tilpassinga av standardspråket til moderne behov og språksituasjonen generelt i Midtausten.
Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne blir det venta at studentane skal ha opparbeidd seg tilstrekkelege ferdigheiter til å kunne jobbe sjølvstendig med spørsmål og tema som er behandla i emnet.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningssemester
Vår
Studienivå
Bachelor
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men for å gjennomføre emnet trengst det førekunnskapar som svarar til ARA113 og ARA115.
Tilrådde forkunnskapar
For å kunne gjennomføre dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.
Undervisning og omfang
ARA252 omfattar 4 kontakttimar i veka i 7 veker med aktiv undervisning. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 28.
Dei siste sju vekene av semesteret blir vigde til ferdigskriving av oppgåva. Kvar student har rett på fire timar med rettleiing.
Undervisning og omfang
ARA252 omfattar 4 kontakttimar i veka i 7 veker med aktiv undervisning. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 28.
Dei siste sju vekene av semesteret blir vigde til ferdigskriving av oppgåva. Kvar student har rett på fire timar med rettleiing.
Dersom studenttalet blir lågt, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart.
Obligatoriske arbeidskrav
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 21 av 28 timar for å få gå opp til vurdering i emnet.
I tillegg er det obligatorisk å levera eit utkast av oppgåva til rettleiing og å møte til ei rettleiing i løpet av semesteret.
Obligatoriske arbeidskrav
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 21 av 28 timar for å få gå opp til vurdering i emnet.
I tillegg er det obligatorisk å levera eit utkast av oppgåva til rettleiing og å møte til ei rettleiing i løpet av semesteret. Dei obligatoriske arbeidskrava er godkjende i t.o.m. eitt semester etter undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Vurderinga inneheld ei rettleidd oppgåve på om lag 15 sider. Oppgåver blir gitte av faglærar med eit tema innanfor område i emneomtalen. Dei obligatoriske aktivitetane nemnde under Obligatoriske arbeidskrav må vere greidde for at ein skal kunne levera den rettleidde oppgåva til vurdering i undervisningsfritt semester. I tillegg vil det vere ein munnleg eksamen. I fastsetjinga av karakteren vil den munnlege eksamenen justere den skriftlege oppgåva.
Vurderingsformer
Vurderinga er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4000 ord (ca. 15 sider) med justerande munnleg eksamen. Oppgåver blir gitt av faglærar med tema frå eit av områda i emneomtalen. I fastsetjinga av karakteren vil den munnlege eksamenen justere den skriftlege oppgåva.
Vurderingsforma rettleidd oppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Læremateriale tilpassa kursopplegget.
Undervisningsstad
Bergen
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.