Skolekorpsleiing
Fakta om studiet
| Emnekode | KORPS601 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingsspråk | |
| Ressursar | |
| Tilhører | Griegakademiet - Institutt for musikk |
Tilgjengelige kurs
Kontakt
Kontakt
Spørsmål om søknad og opptak:
Kontor for etter- og vidareutdanning
Tlf: 55 58 20 40
E-post: post@evu.uib.no
Spørsmål om fagleg innhald i kurset:
Griegakademiet
Tlf: 55 58 69 55
E-post: evu@grieg.no
Beskrivelse
Kurset i Skolekorpsleiiing omfattar dirigerings- og instruksjonsteknikk, pedagogikk, administrativ leiing og metodikk. Ein vil få kunnskap om korleis ein leier eit skulekorps, vel repertoar og instruerer øvingar og konsertar.
Sjå emnebeskrivelsen for meir detaljert omtale av opptak, mål og innhald, læringsutbyte og vurderingsformer (eksamen).
Målgruppe
Personar med musikkfagleg bakgrunn og særleg interesse for å leie skolekorps. Emnet er aktuelt for personar som allereie leier eit skolekorps , som ønskjer djupare refleksjon og å betre og utvikle sine ferdigheiter.
Undervisning
Kurset går over to semester med studiestart i haustsemesteret og eksamen i vårsemesteret. Undervisninga er lagt opp som helgesamlingar og er organisert i til saman fire helgesamlingar, normalt to samlingar i semesteret.
Helgesamlingane hausten 2014 og våren 2015 er organiserte med ei samling hausten 2014 og tre samlingar våren 2015.
Datoar for samlingane:
1. samling: 12. - 14. desember 2014
2. samling: 13. - 15. februar 2015
3. samling: 13. - 15. mars 2015
4. samling: 24. - 26. april 2015
Tidspunkt for helgesamlingane:
Fredag 18:00-22:00, laurdag og sundag 09:00-16:00.
Samlingane er obligatoriske.
Vurdering / eksamen
Eksamen består av to delar som vert vekta likt.
1) Praktisk direksjon: 15 - 20 minuttar med innstudering med eit skolekorps.
2) Ei skriftleg oppgåve om drift av skolekorps som tema.
Opptaks- og forkunnskapskrav
Studenten må ha leiaransvar/dirigere eit eige korps.
Emnet har begrensa plass. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta emnet enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioriterte slik:
1. Søkjarar med bachelor med 60 studiepoeng musikk
2. Søkjarar med anna relevant utdanning på høgskolenivå
Kurset omfattar sjølvstudium og dei som tek dette kurset må ha leiaransvar/dirigere eit eige skolekorps som dei kan øve med i dei to semestra emnet har undervisning.
Søkjarar må dokumentere tidlegare utdanning og legge ved stadfesting på leiaransvar for eit skolekorps.