Nordisk: Prosjektutvikling
Fakta om studiet
| Emnekode | NOLISP302 |
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisingssemester | Vår, Haust |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk og ev. dansk og svensk. |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier |
Mål og innhald
Hovudmålet med emnet er at studenten skal planlegge arbeidet med masteroppgåva si i samråd med oppnemnd rettleiar. Studenten skal utforme planane i ei prosjektskisse og legge dei fram munnleg. Studenten skal òg vere med og diskutere ein annan masterstudent sin prosjektpresentasjon.
Prosjektskissa femner normalt om
- tema, problemstilling og forskingsspørsmål
- teoretisk grunnlag, faglitteratur, sekundærkjelder
- avgrensing av primærkjeldematerialet
- faghistorisk plassering
- vitskaplege metodar
- framdriftsplan
- tekstdisposisjon
¿ alt tilpassa det planlagde arbeidet.
Arbeidet skal byggjast på faglege kunnskapar og innsikter, og det er eit mål med emnet at studenten skal få øving i å skaffe seg nødvendig informasjon og kunnskap ved sjølvstendig innsats. Dette skal gjerast i tilknyting til det individuelle særemnet, der studenten legg opp eit spesialisert pensum i samråd med rettleiar.
Tidleg i semesteret skal studenten inngå rettleiingskontrakt. Faglærarane på emnet og fagkoordinatorane hjelper studenten med å finne ein passande rettleiar.
Pensumet er på ca. 350 sider og gir ei innføring i planlegging og gjennomføring av oppgåveskriving.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Studenten
¿ har innsikt i kva komponentar som trengst i planar for eit forskingsarbeid
Ferdigheiter:
Studenten
¿ kan planlegge eit forskingsarbeid ved å formulere tematisk avgrensing, problemstilling og forskingsspørsmål, gjere greie for teoretisk og faghistorisk plassering, metodar og materiale, sette opp tidsplan og tekstdisposisjon
¿ kan presentere eigne forskingsplanar munnleg og skriftleg
¿ kan diskutere andre sine forskingsplanar munnleg
Studienivå (studiesyklus)
Master
Institutt
studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.noInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.
Fagleg overlapp
Emnet overlappar med tidlegare NOLISP300. Dei to emna i kombinasjon gir totalt 15 sp.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Om lag 4 timar undervisning tidleg i semesteret og 2 timar seint i semesteret. Undervisninga kan vere felles for språk og litteratur eller bli gitt i to grupper.
Oppnemnd rettleiar gir om lag 4 timar rettleiing under skrivinga av prosjektskissa og utarbeidinga av prosjektpresentasjon.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1. Munnleg presentasjon av prosjektplan på slutten av semesteret. Presentasjonen skal vare 10¿15 minutt og vere i samsvar med skildringa av prosjektskisseinnhald ovanfor.
2. Diskusjon av ein annan masterstudent sin prosjektpresentasjon (jf. ovanfor).
Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.
Vurderingsformer
Rettleidd oppgåve i form av ei prosjektskisse på ca. 2500 ord (om lag 7 sider) som skal leverast til fastsett frist etter munnleg presentasjon av prosjektplanane.
Studenten vel målform sjølv. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A¿F.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.