Bachelorprogram i folkehelse og helsefremjande arbeid
Programmet tilbys av
Presentasjon
Helsa og livskvaliteten til menneska blir prega av ei lang rekkje forhold. Kva faktorar utgjer ein risiko for helsa, og kva faktorar spelar positivt inn? Kva er samanhengen mellom livsstil, fysisk og psykisk helse?
Å ha god helse inneber å kunne medverke som sjølvstendig samfunnsmedlem på ein meiningsfylt måte. Kva har økonomi, kultur- og samfunnsfaktorar å seie for den enkelte si helse? Og kva har desse faktorane å seie for dei ulike arenaene som har innverknad på helsa, slik som familie, nabolag, skole eller arbeidsplassar? I kva grad kan lovgiving gjere folk i stand til å bevare og betre helsa si?
Studiet gir deg ei oversikt over helsetilstanden i befolkninga og forhold som er viktige for folkehelsa. Du lærer om folkehelse, helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid, og du blir i stand til å vurdere verkemiddel i arbeidet og evaluere ulike tiltak, forskingsmetodar og statistikk.
Graden
Bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Fagleg innhold
Helsa og livskvaliteten til menneska blir prega av ei lang rekkje forhold. Studiet skal gi deg kvalifikasjonar innan folkehelse og helsefremjande og førebyggjande arbeid. Du skal tileigne deg oversikt over helsetilstanden i befolkninga på viktige område som fysisk og psykisk helse, samt risikofaktorar og ressursfaktorar for helse. Studiet rettar fokus mot samfunn og individ, kultur, økonomi og kva desse tinga tyder for helse og sjukdom hos menneske. Du skal vidare vere i stand til å vurdere verkemiddel i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, samt evaluere ulike tiltak, forskingsmetodar og statistikk. Helsefremjande arbeid spenner over eit vidt spekter av perspektiv og praksisfelt. Fagfeltet er genuint tverrfagleg, og hovudutfordringa i dette studieprogrammet er å sameine perspektiv frå ulike forståingar og tilnærmingar, samt opparbeide innsikt i utvikling og evaluering av ulike tiltak.
Fag- og emneval
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 105 studiepoeng med spesialisering innanfor helsefremjande arbeid. Alle eller delar av dei siste 45 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Studiet er bygd opp av dei følgjande faga:
- Det første semesteret består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i pedagogikk og i folkehelse og helsefremjande arbeid. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget pedagogikk og i folkehelse og helsefremjande arbeid.
- Psykologiske forskingsmetodar gir ei innføring i metode, og emnet tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar.
- Helsefremjande arbeid vil gi ein introduksjon til ulike tilnærmingar som er viktige for feltet helsefremjande arbeid.
- Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk set fokus på ulike forvaltingsnivå, utviklinga av helsetenesta, og kva for ideologiske, politiske og lovmessige føringar som set rammer for åtferd og tiltaksarbeid.
- Helseøkonomi gir deg blant anna innsikt i metodar for evaluering av helsetiltak, betalings- og finansieringssystem i helsesektoren, marknads- og konkurranseformer ved produksjon av helsetenester, marknader for legemiddel, og fordeling av helsetenester i befolkninga.
- Litteratursøk og litteratursyntese vil gi deg kjennskap til ulike informasjonskjelder og lære deg å definere informasjonsbehov og utvikle søkestrategiar, i tillegg til å gi deg ei forståing av kva som ligg i omgrepet kjeldekritikk.
- Historiske og kulturelle perspektiv på helse vil setje helsefremjande arbeid inn i ein større historisk og kulturell samanheng.
- Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak vil leggje vekt på utvikling av kunnskap omkring metodar som måler effekt av tiltak. Målet er å forstå implementering, effekt av og mekanismar i tiltak betre.
- Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. Studentane skal utvikle ei vitskapleg tilnærming til eit større skrifteleg arbeid. Oppgåva er også ei god moglegheit til å gå grundig inn i eit relevant tema.
- Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi tilrår fag innan samfunnsvitskap, økonomi, humaniora, psykologi og helsefag.
Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid er lagt opp:
1. semester
- EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS Examen philosophicum (10 sp)
- EXFAC03P Examen factultatum, psykologi (10 sp)
- POH100 Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid (10 sp)
2. semester
- HEMB100 Helsefremjande arbeid og helsepsykologi (15 sp)
- PSYK202A Forskingsmetodar (15 sp)
3. semester
- HEMB101 Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk (15 sp)
- ECON121 Helseøkonomi (10 sp)
- HEMB201 Litteratursøk og litteratursyntese (5 sp)
4. semester
- HEMB202 Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak (15 sp)
- HEMB111 Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp)
5. semester
- Valfrie emne (30 sp)
6. semester
- Valfritt emne (30 sp)
- HEMB200 Bacheloroppgåve (15 sp)
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Du må gjerne ta eitt eller fleire emne ved utanlandske universitet. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.
Vidare studium
Studiet gir grunnlag for opptak til ulike masterstudium innanfor helsefag i Noreg.
Yrkesvegar
Utdanninga opnar for arbeid i offentlig forvalting, næringsliv, frivillige organisasjonar og anna arbeidsliv der kunnskap om folkehelse, helsefremjande arbeid og førebyggjande arbeid er etterspurd.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse
er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Nye reglar for utrekning av poeng gjer fjorårets poenggrensar mindre relevante for årets opptak enn normalt. Vi reknar med at poenggrensene blir lågare enn i fjor fordi det blir tildelt færre poeng totalt.
Ei liste over poenggrensene for 2008 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak".
Antall studieplasser
40 (talet på studieplassar kan bli justert).
Meir infomasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.psyfa@uib.no
55 58 27 10
Krav om rekkefølgje - emne
Ingen, men det tilrås at ein følgjer planforslaget.
Undervisning
I undervisninga vert det nytta varierte læringsformer som førelesingar, gruppearbeid, seminar og sjølvstendige skriftlege arbeid. Einskilde emne vil nytte "Problembasert Læring" (PBL) som læringsform. Det vert lagt opp til aktiv studentdeltaking i undervisninga i form av diskusjon og framlegg av eige og grupper sitt arbeid
Fageining og spesialisering
Spesialiseringa utgjer 105 studiepoeng og er satt saman av:
- PSYK202A: Psykologiske forskingsmetodar A (15 sp) gir ei innføring i metode, og det tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. (Dei som har PSYK102 frå før tek PSYK202B).
- HEMB100: Helsefremjande arbeid og helsepsykologi (15 sp) vil gje ei introduksjon og trekkja fram nokre av dei tverrfaglege utfordringane innanfor feltet helsefremjande arbeid. Vidare vil emnet gje ei innføring i helsepsykologi.
- HEMB101: Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk set fokus på ulike forvaltningsnivå, utviklinga av helsetenesta og kva for ideologiske, politiske og lovmessige føringar som set rammer for åtferd og tiltaksarbeid.
- ECON221: Helseøkonomi (10 sp). Emnet høyrer til SV-fakultetet.
- HEMB201: Litteratursøk og litteratursyntese (5 sp)
- HEMB111: Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp) vil setje helsefremjande arbeid inn i ein vidare historisk og kulturell samanheng. Emnet høyrer til HF-fakultetet.
- HEMB202: Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak (15 sp) vil leggje vekt på utvikling av kunnskap omkring metodar som måler effekt av tiltak. Målet er å betre forstå implementering, effekt av og mekanismar i tiltak.
- HEMB200: Bacheloroppgåve i helsefremjande arbeid (15 sp) skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Studentane skal utvikle ei vitskapleg tilnærming til eit større skriftleg arbeid. Vidare er oppgåva ein god moglegheit til å gå i djupet på eit relevant tema
- I dei valfrie emna kan du velje nesten alle fag på høgskule- og universitetsnivå. Vi tilrår fag innan samfunnsvitskap, økonomi, humaniora, psykologi og helsefag.
Alle emna som går inn i spesialiseringa er obligatorisk for graden. PSYK202A kan etter søknad erstattast med tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.
Planforslag
1. semester:
- Examen philosophicum (10 sp)
- EXFAC03P: Examen facultatum (10 sp)
- POH100: Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid (10 sp)
2. semester:
- HEMB100: Helsefremjande arbeid og helsepsykologi (15 sp)
- PSYK202A: Psykologiske forskingsmetodar A (15 sp) (eller PSYK202B for dei som har PSYK102 frå før)
3. semester:
- HEMB101: Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk (15 sp)
- ECON221: Helseøkonomi (10 sp) - SV-fakultetet
- HEMB201: Litteratursøk og litteratursyntese (5 sp)
4. semester:
- HEMB202: Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak (15 sp)
- HEMB111: Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp) - HF-fakultetet
5. semester:
- Valfrie emne (30 sp)
6. semester:
- HEMB200 Bacheloroppgåve i helsefremjande arbeid (15 sp)
- Valfrie emne (15 sp)
Mål og innhald
Bachelor i helsefremjande arbeid skal gje studentane kvalifikasjonar innan folkehelsearbeid, særskild helsefremjande og førebyggjande arbeid. Studentane skal tileigne seg oversyn over helsetilstanden i befolkninga på viktige område som fysisk og psykisk helse, samt risikofaktorar og ressursfaktorar for helse. Studiet rettar fokus mot samfunn og individ, lovgjevnad, økonomi og kva dette har å seie for helse og sjukdom hjå menneske. Studentene skal vidare vere i stand til å vurdere verkemiddel i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, og ha innsyn i utvikling og evaluering av ulike tiltak.
Graden er eit samarbeidsprosjekt mellom Det psykologiske fakultet, Det samfunnsvitskaplige fakultet, Det historisk-filosofiske fakultet og Det medisinske fakultet. Avdeling for utdanning og helse ved Det psykologiske fakultet har koordineringsansvar for graden.
Innføringsemne
Førstesemesterstudiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt og om fagspesifikk historie og vitskapsteori. Førstesemesterstudiet utgjer 30 studiepoeng og er satt saman av:
- Ex.phil. (10 sp) gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking.
- EXFAC03P: Examen facultatum, psykologi (10 sp) tek for seg faget sitt teoretiske og metodiske fundament.
- POH100: Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid.
Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.
Vurdering / Eksamensformer
I samband med kvart einskilde emne vert det gitt skriftlege oppgåver eller eksamenar. Ved godkjenning av emne er deltaking i øvingar, presentasjonar og aktivitetar som kursleiaren fastsett ein føresetnad.
Yrkesvegar
Utdanninga opnar for yrkesmoglegheiter i helseforvaltninga og frivillige organisasjonar. Studiet vil også gje kompetanse for tilsetjing innan skule og anna arbeidsliv der kunnskapar om folkehelse og helsefremjande arbeid er etterspurd.
Vidare studium:
Studiet vil gje grunnlag for opptak til den internasjonale "Master of Philosophy in health promotion" utdanninga og Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid/helsepsykologi ved Det psykologiske fakultet. Det arbeidast aktivt med å leggje til rette for at studiet skal kunne kvalifisere til andre masterstudium ved dei samarbeidande fakultetane.
Delstudium i utlandet
Studentane oppmodast til å ta to eller fleire emne à 15 studiepoeng ved utlandske universitet. Desse vil erstatte nokre av dei valfrie emna. Avdeling for utdanning og helse har samarbeid med universitet i Europa som tilbyr Bachelorutdanning i helsefremjande arbeid og kan hjelpe med utvekslingsopphald her. Utanom desse vil studentutvekslingsdelen innan ERASMUS-, NORDPLUS- og SOKRATES-programma vere aktuelle.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Ønsker permisjon (frist for søknad 1.9 og 1.2) | - | - | ||||||||||
| Innføringsemner - pedagogikk og helsefremmende arbeid (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Husk at du må velge en av exphil-variantene. Det anbefales at du velger seminarmodellen. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC03P | Examen facultatum, Psykologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| POH100 | Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-PSSEM | Examen philosophicum | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-PSEKS | Examen philosophicum | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i helsefremmende arbeid (krav: 105 SP) | ||||||||||||
| PSYK202A eller PSYK202B er obligatorisk emne i spesialiseringen. PSYK202B er for deg som har PSYK102 fra før. Velg PSYK202A med mindre du har PSYK102 fra før. PSYK202A og PSYK102 overlapper og gir en studiepoengreduksjon på 5 studiepoeng. Dersom du har PSYK102 fra før velger du PSYK202B. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HEMB100 | Helsefremjande arbeid og helsepsykologi | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| HEMB101 | Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| HEMB201 | Litteratursøk og litteratursyntese | 5 | 1-6 | 3 | ||||||||
| ECON121 | Helseøkonomi | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| HEMB200 | Bacheloroppgåve i helsefremjande arbeid | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| HEMB202 | Utvikling og evaluering av helsefremjande og forebygjande tiltak | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| HEMB111 | Historiske og kulturelle perspektiv på helse | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PSYK202A | Psykologiske forskingsmetodar A | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| PSYK202B | Psykologiske forskningsmetoder B | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| Valfrie emne (45 studiepoeng) (krav: 45 SP) | ||||||||||||