Masterprogram i russisk
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon
Studiestart - semester
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i russisk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Mål og innhald
Mastergrad i russisk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og inneheld to hovuddelar, ein kursdel som omfattar fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen er dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst eitt masteremne må vere i same disiplin (språk, litteratur eller kultur) som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen.
Studentane blir oppmoda til å leggja fram eit tema for masteroppgåva, diskutera dette med faglærarane og skriva under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.
Fagleg profil
Masterprogrammet i russisk er eit studium med stor valfridom. Her kan du velje om du vil skrive masteroppgåva di innanfor russisk lingvistikk, litteraturvitskap eller kulturhistorie.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet i russisk er normert til fire semester fulltidsstudium. Hovudopptaket er i haustsemesteret. RUS301 og RUS302 er fellesemne. RUS303 er eit spesialiseringsemne (emnekrins). Emnekrinsen blir valt i samråd med faglærar eller rettleiar. Seksjonen har framlegg til emnekrinsar, og tilbyr undervisning i desse alt etter kva lærarressursar som er tilgjengelege.
I teoriemna (RUS304/305) vel studentar med litterær line RUS304, medan dei med språkleg line vel RUS305. RUS304 og RUS305 vert ikkje tilbydd våren 2012 men kan erstattast med eit teoriemne på 300-nivå som er teke inn frå eit anna fag, til dømes litteraturvitskap eller lingvistikk, eller felleskurs på Det humanistiske fakultet.
Me vil rå studentane til å ta fellesemna RUS301 og RUS302 i første haustsemester. Førebuingane til masteroppgåva bør skje parallelt. Du får rettleiar i første semesteret, og emnet for oppgåva skal fastsetjast seinast i andre semester, der du også skal skriva kontrakt med rettleiaren. I det same semesteret skal du utarbeida ei prosjektskisse som blir drøfta på avhandlingsseminaret til seksjonen.
Døme på tilrådd progresjon med start om hausten:
1. semester RUS301 og RUS302
2. semester RUS303 og anbefalt litteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)
3. semester RUS350
4. semester RUS350
Døme på tilrådd progresjon med start om våren:
1. semester RUS303 og anbefalt itteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)
2. semester RUS301 og RUS302
3. semester RUS350
4. semester RUS350
Masteroppgåve
Du kan velje om du vil skrive ei masteroppgåve innanfor russisk lingvistikk, litteraturvitskap eller kulturhistorie. Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne som skal godkjennast av rettleiaren. I oppgåva må du dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk. Instituttet tilbyr rettleiing i eit breitt spekter av emne, men ein må ta atterhald om at det ikkje er kapasitet til å gi rettleiing i alle emne.
Metode
Masteroppgåva i russisk gir deg høve til å konsentrere russiskstudiane omkring eit språkleg, litterært eller kulturhistorisk emne. Du som skriv ei kulturhistorisk oppgåve, vel den linja (språkleg eller litterær) som byggjer best opp om emnet. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid. I oppgåva skal du dokumentere evne til kritisk refleksjon og vise at du meistrar den framstillingsforma som høyrer til sjangeren. Du skal også vise god innsikt i emnerelevant teori og metode.
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon
Studiestart - semester
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
Opptakskrav
Mastergradsstudiet i russisk føreset bachelorgrad med spesialisering i russisk.
Søkjarar frå utlandet må ha IELTS eller tilsvarande med karakteren 5.0 eller betre. Søkjarar med bachelorgrad frå Noreg må ha karakteren C eller betre i alle spesialiseringsemna i russisk på 200-nivå (RUS211 og RUS212/RUS252 frå UiB eller tilsvarande emne) for å bli tatt opp på masterprogrammet i russisk.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i russisk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjend spesialisering i russisk, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. juni. Slike søknader må innehalda karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og utgreiing om dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.
Kven kan søkje
Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:
http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet
Poenggrense ved siste opptak
Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://link.uib.no/?1QO0l for meir om opptakskrav.
Delstudium i utlandet
Studentar kan ta masteremne ved utanlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden (jfr. Obligatoriske emne/spesialisering).
Meir infomasjon
studierettleiar@if.uib.no / 55 58 23 71
Studiestart - semester
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
Mål og innhald
Mastergrad i russisk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og inneheld to hovuddelar, ein kursdel som omfattar fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen er dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst eitt masteremne må vere i same disiplin (språk, litteratur eller kultur) som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen.
Studentane blir oppmoda til å leggja fram eit tema for masteroppgåva, diskutera dette med faglærarane og skriva under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.
Læringsutbyte
Mastergradsstudiet i russisk skal utdjupa kunnskapane som studenten har med seg frå tidlegare russiskstudium gjennom eit spesialisert studium i russisk språk, litteratur eller kultur.
Studiet skal vidare auka dei teoretiske kunnskapane, øva opp evna til kritisk refleksjon og gje ei grunnleggjande forskarskolering som set studenten i stand til å diskutera og løysa faglege problemstillingar under rettleiing, særleg i samband med masteroppgåva. Elles skal masterstudiet i russisk utvida og styrkja den språklege kompetansen, både munnleg og skriftleg.
Opptakskrav
Mastergradsstudiet i russisk føreset bachelorgrad med spesialisering i russisk.
Søkjarar frå utlandet må ha IELTS eller tilsvarande med karakteren 5.0 eller betre. Søkjarar med bachelorgrad frå Noreg må ha karakteren C eller betre i alle spesialiseringsemna i russisk på 200-nivå (RUS211 og RUS212/RUS252 frå UiB eller tilsvarande emne) for å bli tatt opp på masterprogrammet i russisk.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i russisk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjend spesialisering i russisk, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. juni. Slike søknader må innehalda karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og utgreiing om dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.
Tilrådde forkunnskapar
Masterstudiet i russisk føreset gode kunnskapar i skriftleg og munnleg russisk så vel som i russisk kultur og litteratur.
Innføringsemne
Ingen
Obligatoriske emne
Emna RUS301, RUS302 og RUS303 er obligatoriske.
Studentar som skriv masteroppgåve i litteratur, tek RUS304. Om ikkje RUS304 vert tilbydd, tar studenten eit anbefalt fellesemne.
Studentar som skriv masteroppgåve i språk, tek RUS305. Om ikkje RUS305 vert tilbydd, tar studenten fellesemnet LINGMET.
Studentar som skriv masteroppgåve innan kultur, vel det emnet som best stør opp under oppgåva.
Studentar må søkja om individuell innpassing av eksamenar som er tekne ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.
Tilrådde valemne
RUS304 og RUS305 (dersom tilbydd). Elles tilrådd fellesemne i litteratur/kultur (LITT300 eller anna tilrådd emne) eller språk (LINGMET eller anna tilrådd emne).
Rekkefølgje for emne i studiet
1. Haust
RUS301 Russisk språkhistorie og språkstruktur, 15 stp.
RUS302 Tekst og skriftleg russisk, 15 stp
2. Vår
RUS303 Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap, 15 stp
RUS304, RUS305 eller eit tilrådd fellesemne i litteratur eller språk, 15 stp
3. Haust
RUS350 Masteroppgåve
4. Vår
RUS350 Masteroppgåve
Krav til progresjon i studiet
Normal studieprogresjon (30 stp./semester)
Delstudium i utlandet
Studentar kan ta masteremne ved utanlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden (jfr. Obligatoriske emne/spesialisering).
Undervisningsmetodar
Førelesingar/Seminar/Individuell rettleiing
Vurderingsformer
Kvart emne blir avslutta med ein eksamen. Dei eksamensformene som blir nytta er gjort greie for under kvart einskilt emne. Masterstudiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.
RUS301: Skuleeksamen
RUS302: Skuleeksamen/mappevurdering
RUS303: Mappevurdering
RUS304: Skuleeksamen
RUS305: Skuleeksamen
RUS350: Masteroppgåve (70 - 110 s.) og munnleg eksamen
Grunnlag for videre studium
Mastergrad i russisk kan gi kompetanse for vidare studium på PhD-nivå.
Relevans for arbeidsliv
Masterprogrammet i russisk kvalifiserer til undervisning på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til både språk- og kulturkunnskapar. Andre yrkesvegar kan til dømes vere arbeid innanfor formidling, forlagsverksemd og omsetjing. Studiet kan dessutan danne grunnlag for forskarutdanning i russisk språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturforsking.
Evaluering
Undervisning og program blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Planforslag
Masterprogrammet i russisk er normert til fire semester fulltidsstudium. Hovudopptaket er i haustsemesteret. RUS301 og RUS302 er fellesemne. RUS303 er eit spesialiseringsemne (emnekrins). Emnekrinsen blir valt i samråd med faglærar eller rettleiar. Seksjonen har framlegg til emnekrinsar, og tilbyr undervisning i desse alt etter kva lærarressursar som er tilgjengelege.
I teoriemna (RUS304/305) vel studentar med litterær line RUS304, medan dei med språkleg line vel RUS305. RUS304 og RUS305 vert ikkje tilbydd våren 2012 men kan erstattast med eit teoriemne på 300-nivå som er teke inn frå eit anna fag, til dømes litteraturvitskap eller lingvistikk, eller felleskurs på Det humanistiske fakultet.
Me vil rå studentane til å ta fellesemna RUS301 og RUS302 i første haustsemester. Førebuingane til masteroppgåva bør skje parallelt. Du får rettleiar i første semesteret, og emnet for oppgåva skal fastsetjast seinast i andre semester, der du også skal skriva kontrakt med rettleiaren. I det same semesteret skal du utarbeida ei prosjektskisse som blir drøfta på avhandlingsseminaret til seksjonen.
Døme på tilrådd progresjon med start om hausten:
1. semester RUS301 og RUS302
2. semester RUS303 og anbefalt litteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)
3. semester RUS350
4. semester RUS350
Døme på tilrådd progresjon med start om våren:
1. semester RUS303 og anbefalt itteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)
2. semester RUS301 og RUS302
3. semester RUS350
4. semester RUS350
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masterprogram i russisk - kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| RUS301 | Russisk språkhistorie og språkstruktur | 15 | 1-6 | 1 | ||||||||
| RUS302 | Tekst og skriftleg russisk | 15 | 1-6 | 1 | ||||||||
| RUS303 | Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| RUS304 | Russisk teorikurs (litteratur) | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| RUS304 | Fordjuping i russisk litteraturvitskap | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| RUS305 | Russisk teorikurs (språk) | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| RUS305 | Fordjuping i russisk språkvitskap | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| LITTEHF | Litteraturteori - fellesemne | - | 1-6 | 2 | ||||||||
| LINGMET | Metodeemne for språklege mastergradar | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| LITT300 | Komparativ litteratur for framandspråk | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| Masterprogram i russisk - oppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| RUS350 | Masteroppgåve i russisk | 60 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Masterprogram i russisk - veiledningskontrakt | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterstudenter i russisk | - | - | ||||||||||