Masterprogram i helsefag - Fysioterapivitskap
Programmet tilbys av
Mål og innhald
Faget fysioterapi har grunnlag i praksis og empiri, og studieretninga fysioterapivitskap tek sikte på å fremje eit teoretisk og vitskapleg fundament. Kroppen og rørslene til mennesket representerer faget sin innfallsport til helse og funksjon, og rørsle er både ei målsetjing og eit middel. Fysioterapi inkluderer kartleggjande så vel som førebyggjande, rehabiliterande og lækjande siktemål, og faget spenner over ulike nivå, frå enkelte detaljfunksjonar til livsutfalding. Fysioterapi har grunnlag i ei mellommenneskeleg, problemløysande og ressursorientert tilnærming. Dessutan speler faget på generative livsprosessar. Dei fagspesifikke emna skal gi fordjuping og refleksjon i forståing av kroppen og rørslene til mennesket i eit helseperspektiv. Det skal også gi grunnlag for kritisk og analytisk bruk av teoriar og metodar i fysioterapi.
Fagleg profil
Masterprogrammet er retta mot deg som alt har ein bachelorgrad i fysioterapi, og som ønskjer kompetanse-heving gjennom vidareutdanning og fagleg fordjuping. Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i helsefag, studieretning fysioterapivitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng). Det er mogleg å vere deltidsstudent i til saman 8 semester.
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - fysioterapivitskap må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.
Oppstart
Haust.
Opptaksgrunnlag
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - fysioterapivitskap må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.
For søkjarar med grunnutdanning i fysioterapi utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga.
Krav til forkunnskapar
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - fysioterapivitskap må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.
For søkjarar med grunnutdanning i fysioterapi utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det medisinsk-odontologiske fakultet.
Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn
du på http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium
Meir infomasjon
studiekonsulent@isf.uib.no / 55 58 61 99 / 55 58 61 00
Meir infomasjon
Studiekonsulent@isf.uib.no / 55 58 61 99 / 55 58 61 00
Krav om rekkefølgje - emne
Den fagspesifikke studiedelen består av 3 emner, hvert på 10 studiepoeng. Hvert emne går over 1 semester hvor undervisning er konsentrert til 6-7 uker fordelt på 3 bolker i vårsemesteret.
Deltidsstudenter bør ta de obligatoriske emnene FYST331 og FYST332 i første studieår. Studentene kan bytte ut det valgfrie emnet FYST333 med andre emner. Et slikt bytte skal godkjennes av Seksjon for fysioterapivitenskap.
Undervisning
I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.
Fageining og spesialisering
Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan
grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.
Den fagspesifikke delen i studieretning fysioterapivitskap er fordelte på desse emna:
o Målemetodar og evalueringsformer (10 studiepoeng).
o Vitskapen om rørsler (10 studiepoeng).
o Muskel- og skjelettlidingar (10 studiepoeng).
Krav til forkunnskaper
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning fysioterapivitskap må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.
Administrativt ansvarleg
Institutt for samfunnsmedisinske fag, seksjon for fysioterapivitskap. studiekonsulent@isf.uib.no
Mål og innhald
Faget fysioterapi har grunnlag i praksis og empiri, og studieretninga fysioterapivitskap tek sikte på å fremje eit teoretisk og vitskapleg fundament. Kroppen og rørslene til mennesket representerer faget sin innfallsport til helse og funksjon, og rørsle er både målsetjing og middel. Fysioterapi inkluderer kartleggjande så vel som førebyggjande, rehabiliterande og lækjande siktemål, og faget spenner over ulike nivå frå enkelte detaljfunksjonar til livsutfalding. Fysioterapi har eit grunnlag i ein mellommenneskeleg, problemløysande og ressursorientert tilnærming, og speler på generative livsprosessar. Dei fagspesifikke emna skal gi fordjuping og refleksjon i forståing av mennesket sin kropp og rørsler i eit helseperspektiv og gi grunnlag for kritisk analytisk bruk av teoriar og metodar i fysioterapi.
Masteroppgåve
Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere et frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi ei instruktiv, skriftleg, klar og presis framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng også saman med den faglege fordjupinga du har valt.
Oppbygging av studiet
Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.
1.semester
HEL310 - Vitskapsteori og sentrale
helsevitskaplege tema
HEL320 - Forskingsmetode og -etikk
2. semester
FYST331 - Målemetodar og evalueringsformer
FYST332 - Rørslevitskap
FYST333 - Muskel- og skjelettlidingar
3. og 4. semester
FYST395 - Masteroppgåve
Yrkesvegar
Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer til:
o utdanningsarbeid på universitet og høgskolaro fagutvikling i klinisk verksemd
o forsking og utvikling
o fagleg og administrativt arbeid i forvalting og helsevesen
Opptaksgrunnlag
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga fysioterapivitskap, må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut..For søkjarar med grunnutdanning fysioterapi utan bachelorgrad, blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanningen.
Oppstart
Haust.
Programansvarleg
Institutt for samfunnsmedisinske fag,
post@isf.uib.no
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det medisinske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
studere.uib.no/opptak/master
Meir infomasjon
Studiekonsulent@isf.uib.no / 55 58 61 99 / 55 58 61 00
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Fysioterapivitskap - kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| FYST331 | Masterprogram i helsefag - fysioterapivitskap. Fagspesifikk deleksamen: Målemetodar og evalueringsformer. | 10 | 2-4 | 2 | ||||||||
| FYST332 | Masterprogram i helsefag - fysioterapivitskap. Fagspesifikk deleksamen: Rørslevitskap. | 10 | 2-4 | 2 | ||||||||
| FYST333 | Masterprogram i helsefag - fysioterapivitskap. Fagspesifikk deleksamen: Muskel- og skjelettlidingar. | 10 | 2-4 | 4 | ||||||||
| HEL310 | Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema. |
15 | 3 | |||||||||
| HEL320 | Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk |
15 | 1 | |||||||||
| Fysioterapivitskap - masteroppgåve (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| FYST395 | Masterprogram i helsefag - Fysioterapivitskap: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring. | 60 | 5 | |||||||||
| Fysioterapivitskap - rettleiingskontrakt (krav: 0 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterprogram i helsefag | - | - | ||||||||||