Gå til innhold
Norsk A A A
Universitetet i Bergen
Studieprogram

Masterprogram i helsefag - Genetisk rettleiing

Mål og innhald

Det overordna målet for studiet i genetisk rettleiing er å førebu deg på arbeidsoppgåver som er knytte til medisinsk genetisk verksemd. Dette inneber mellom anna det å delta i genetisk utgreiing, rettleiing og oppfølging innanfor rammene av norsk lovverk for helsepersonell. Utdanninga skal kvalifisere til realkompetanse som genetisk rettleiar og til kunnskapsutvikling og forsking innan faget.

Graden

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi instruktiv, klar og presis skriftleg framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng også saman med den faglege fordjupinga innanfor den studieretninga du har valt.

Oppstart

Haust

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinsk-odontologiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium

Poenggrense ved siste opptak

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning genetisk rettleiing, må du ha bachelorgrad i helsefag eller tilsvarande. Har du annan relevant bachelorgrad kan du også bli vurdert. Som del av opptaksgrunnlaget eller av eit utvida opptaksgrunnlag, blir det kravd eksamen i ei fageining eller spesialisering (på til saman minst 90 studiepoeng). Helsefagleg grunnutdanning oppfyller krav om fagleg spesialisering.For søkjarar med helsefagleg grunnutdanning utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng (60 vekttal) medrekna helsefagleg grunnutdanning. Med "helsefagleg grunnutdanning" meiner vi utdanning til sjukepleiar, vernepleiar, bioingeniør, ergoterapeut, radiograf, fysioterapeut, audiograf, ortopediingeniør, reseptar, og tannpleiar.

Meir infomasjon

E-post: studiekonsulent@isf.uib.no Tlf.: 55 58 61 99/55 58 61 00

Meir infomasjon

E-post: studiekonsulent@isf.uib.no Tlf.: 55 58 61 99/55 58 61 00

Undervisning

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, seminar og sjølvstendige skriftlege arbeid. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet. Det blir lagt opp til aktiv studentdeltaking med til dømes nettbasert læring der det er mogleg.
I samband med skriving av masteroppgåva, blir det organisert forskingsseminar, der det også inngår samlingar på tvers av studieretningane.

Fageining og spesialisering

Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan
grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.
Den fagspesifikke delen i genetisk rettleiing er fordelte på desse emna:
o Human genetikk - basalgenetiske emneområde og medisinsk genetikk (12 studiepoeng).
o Genetisk rettleiing - emneområde som er knytte til genetisk rettleiing (12 studiepoeng).
o Praktisk genetisk rettleiing (6 studiepoeng)

Krav til forkunnskaper

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning genetisk rettleiing må du ha bachelorgrad i helsefag eller tilsvarande. Har du annan relevant bachelorgrad kan du også verte vurdert.

Som del av opptaksgrunnlaget eller av eit utvida opptaksgrunnlag, vert det kravd eksamen i ei fageining eller spesialisering (til saman minst 90 studiepoeng). Helsefagleg grunnutdanning støttar krav om fagleg spesialisering.

For søkjarar med helsefagleg grunnutdanning utan bachelorgrad vert det kravd minimum 180 studiepoeng (60 vekttal) medrekna helsefagleg grunnutdanning.

Med "helsefagleg grunnutdanning" meiner me utdanning til sjukepleiar, vernepleiar, bioingeniør, ergoterapeut, radiograf, fysioterapeut, audiograf, ortopediingeniør, reseptar, og tannpleiar.

Administrativt ansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag.

studiekonsulent@isf.uib.no

Mål og innhald

Det overordna målet for studieretninga i genetisk rettleiing, er å førebu deg på arbeidsoppgåver som er knytte til medisinsk genetisk verksemd, mellom anna det å delta i genetisk utgreiing, rettleiing og oppfølging innanfor rammene av norsk lovverk for helsepersonell. Utdanninga skal kvalifisere til realkompetanse som genetisk rettleiar, og til kunnskapsutvikling og forsking innan faget. Det er eit prøveprosjekt som vi vurderer å setje i gang som eit permanent tilbod. Du som tek denne studieretninga i prøveperioden, kan berre gjere dette som eit heiltidsstudium.

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi instruktiv, klar og presis skriftleg framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng også saman med den faglege fordjupinga innanfor den studieretninga du har valt.

Oppbygging av studiet

Den felles studiedelen i første semesterskal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i genetisk rettleiing er lagt til andre semester.

1. semester HEL310 - Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema 15 sp. HEL320 - Forskingsmetode og -etikk 15 sp.

2. semester GENV331 - Human genetikk - basalgenetiske emneområde og medisinsk genetikk 12 sp. GENV332 - Genetisk rettleiing - teori og praksis (modul 2 og 3) 18 sp.

3. og 4. semester Masteroppgåve 60 sp.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer til:

o utdanningsarbeid på universitet og høgskolar

o fagutvikling i klinisk verksemd

o forsking og utvikling

o fagleg og administrativt arbeid i forvalting og helsevesen

Opptaksgrunnlag

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning genetisk rettleiing, må du ha bachelorgrad i helsefag eller tilsvarande. Har du annan relevant bachelorgrad kan du også bli vurdert. Som del av opptaksgrunnlaget eller av eit utvida opptaksgrunnlag, blir det kravd eksamen i ei fageining eller spesialisering (på til saman minst 90 studiepoeng). Helsefagleg grunnutdanning oppfyller krav om fagleg spesialisering.For søkjarar med helsefagleg grunnutdanning utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng (60 vekttal) medrekna helsefagleg grunnutdanning. Med "helsefagleg grunnutdanning" meiner vi utdanning til sjukepleiar, vernepleiar, bioingeniør, ergoterapeut, radiograf, fysioterapeut, audiograf, ortopediingeniør, reseptar, og tannpleiar.

Oppstart

Haust

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Meir infomasjon

E-post: studiekonsulent@isf.uib.no Tlf.: 55 58 61 99/55 58 61 00

SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
MAMD-GENV/Masterprogram i helsefag - Genetisk rettleiing
Genetisk rettleiing - kursdel (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HEL320 Masterprogram i helsefag, felles studiedel:
Forskningsmetode og -etikk
15 1
HEL310 Masterprogram i helsefag, felles studiedel:
Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema.
15 1
GENV331 Masterprogram i helsefag - genetisk rettleiing. Fagspesifikk studiedel (modul 1): Human genetikk. 12 2
GENV332 Masterprogram i helsefag - genetisk rettleiing. Fagspesifikk studiedel (modul 2 og 3): Gen. rettl. - teori og praksis. 18 2
Genetisk rettleiing - masteroppgave (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GENV395 Masterprogram i helsefag - genetisk rettleiing: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring. 60 3
Genetisk rettleiing - rettleiingskontrakt (krav: 0 SP)
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterprogram i helsefag - -