Masterprogram i helsefag - Radiograf/Audiograf/Bioingeniør
Programmet tilbys av
Meir infomasjon
studere.uib.no/helsefag
studiekonsulent@isf.uib.no / 55 58 61 99 / 55 58 61 00
Undervisning
I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.
Fageining og spesialisering
Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan
grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.
Studieretninga innan RAB-fag er ei samansett gruppe av helsefaglege grunnutdanningar og fagfelt, der faga er svært ulike. På grunn av dette er den fagspesifikke delen av RAB-faga ikkje nokon fast definert einskap. Den fagspesifikke delen skal til saman utgjera 30 studiepoeng, og blir sett saman av studenten sjølv i samarbeid med rettleiaren. Fagkombinasjonen kan bestå av metodiske, naturvitenskaplege, samfunnsmedisinske og helefaglige elemet avhengig av tema for masteroppgåva.Det mest nærliggande er å nytte emne som tilbys ved ulike fakultet ved Universitetet i Bergen eller tilbod innan den fagspesifikke delen ved dei andre studieretningane på helsefag. I fagkombinasjonen kan det inngå ein fordjuping på inntil 10 studiepoeng basert på eit spesialpensum.
Krav til forkunnskaper
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga RAB-fag, må du ha bachelorgrad i radiografi, audiografii eller bioingeniørfaget.
For søkjarar med grunnutdanning i radiografi, audiografi eller bioingeniørfaget utan bachelorgrad, blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanning.
Administrativt ansvarleg
Institutt for samfunnsmedisinske fag
studiekonsulent@isf.uib.no / 55 58 61 99 / 55 58 61 00
Mål og innhald
Det overordna målet for studieretninga for RAB-faga er å gi fordjuping og høve til refleksjon innanfor fagområda til radiografar, audiologar og bioingeniørar. Vi vil prøve å gi ein heilskapleg kompetanse som tek hand om både teknologiske og metodiske kunnskapar, slik at det blir sett frå eit overordna helsefagleg perspektiv. Den teknologiske utviklinga som skjer innan røntgenavdelingar, høyresentralar og medisinske laboratorium, krev omfangsrik teknologisk kunnskap og erfaring, og studieretninga ønskjer mellom anna å fokusere på samanhengen mellom teknologi og helse.
Masteroppgåve
Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi instruktiv, skriftleg, klar og presis framstilling av saksområdet. Masteroppgåva er også knytt til fagleg fordjuping innanfor studieretninga du har valt.
Oppbygging av studiet
Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Studieretninga innan RAB-fag er ei samansett gruppe av helsefaglege grunnutdanningar og fagfelt der faga er svært ulike. På grunn av dette er den fagspesifikke delen av RAB-faga ikkje nokon fast definert einskap. Den fagspesifikke delen skal til saman utgjere 30 studiepoeng i andre semester og blir sett saman av deg sjølv i samarbeid med rettleiaren. I fagkombinasjonen kan det inngå ei fordjuping på inntil 10 studiepoeng basert på eit spesialpensum. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.
1.semester
HEL310 - Vitskapsteori og sentrale
helsevitskaplege tema
HEL320 - Forskingsmetode og -etikk
2.semester
Fagspesifikke emne
3. og 4. semester
RAB395 - Masteroppgåve
Metode
Fordi studieretninga RAB-fag er ei samansett gruppe av helsefaglege grunnutdanningar og fagfelt, finst det stor valfridom når det gjeld val av metode. Metoden må vere tilpassa tema i masteroppgåva. I den fagspesifikke delen av studiet kan ein f.eks. velje kurs med metodiske element.
Yrkesvegar
Masterprogrammet i helsefag - radiograf/audiolog/bioingeniør kvalifiserer deg mellom anna til utdanningsarbeid på universitet og høgskolar, fagutvikling i klinisk verksemd, forsking og utvikling og fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.
Opptaksgrunnlag
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga RAB-fag, må du ha bachelorgrad i radiografi, audiologi eller bioingeniørfaget.
For søkjarar med grunnutdanning i radiografi, audiologi eller bioingeniørfaget utan bachelorgrad, blir det kravd minimum
180 studiepoeng medrekna grunnutdanning.
Oppstart
Haust.
Programansvarleg
Institutt for samfunnsmedisinske fag:
post@isf.uib.no
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det medisinske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master
Meir infomasjon
studere.uib.no/helsefag
studiekonsulent@isf.uib.no / 55 58 61 99 / 55 58 61 00
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Radiograf/Audiograf/Bioingeniør - kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| HEL320 | Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk |
15 | 1 | |||||||||
| HEL310 | Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema. |
15 | 3 | |||||||||
| Radiograf/Audiograf/Bioingeniør - masteroppgåve (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| RAB395 | Masterprogram i helsefag - Radiograf/Audiograf/Bioingeniør: Masteroppgåve. | 60 | 5 | |||||||||
| Radiograf/Audiograf/Bioingeniør - rettleiingskontrakt (krav: 0 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterprogram i helsefag | - | - | ||||||||||