Gå til innhold
Norsk A A A
Universitetet i Bergen
Studieprogram

Masterprogram i helsefag - Sjukepleievitskap

Mål og innhald

Studieretninga sjukepleievitskap har grunnlaget sitt i kunnskap og forståing om mennesket og dei grunnleggjande behova det har i samband med helse og sjukdom. Dette inneber at ein på ulike måtar, og med ulike middel, hjelper det friske eller sjuke mennesket med å setje i gang tiltak som fremjar helse og lindrar liding. Sjukepleievitskap skal vere med å utvikle forskingsbasert kunnskap som kan betre føresetnadane for utøving av profesjonell sjukepleie.

Fagleg profil

Studiet i helsefag - sjukepleievitskap er retta mot deg som alt har ein bachelorgrad i sjukepleievitskap, og som ønskjer kompetanseheving gjennom vidareutdanning og fagleg fordjuping.

Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.

Krav til forkunnskapar

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - sjukepleievitskap, må du ha bachelorgrad i sjukepleievitskap.

For søkjarar med grunnutdanning i sjukepleie utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga

Poenggrense ved siste opptak

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning sjukepleievitskap må du ha bachelorgrad i sjukepleievitskap. For søkjarar med helsefagleg grunnutdanning utan bachelorgrad vert det kravd minimum 180 studiepoeng (60 vekttal) medrekna helsefagleg grunnutdanning.

Meir infomasjon

studere.uib.no/helsefagpost@studiekonsulent.uib.no / 55 58 61 99 / 55 58 61 00

Meir infomasjon

post@studiekonsulent.uib.no / 55 58 61 99 / 55 58 61 00

Undervisning

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.

Fageining og spesialisering

Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.
Den fagspesifikke delen i studieretning sjukepleievitskap er fordelte på desse emna:
o Sjukepleie: Frå kall til vitskap (15 studiepoeng)
o Omsorg og livskvalitet (15 studiepoeng)

Administrativt ansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag, seksjon for sjukepleievitskap. studiekonsulent@isf.uib.no


Mål og innhald

Studieretninga sjukepleievitskap har grunnlaget sitt i kunnskap og forståing om mennesket og dei grunnleggjande behova det har i samband med helse og sjukdom. Dette inneber at ein på ulike måtar, og med ulike middel, hjelper det friske eller sjuke mennesket med å setje i gang tiltak som fremjar helse og lindrar liding. Sjukepleievitskap skal vere med og utvikle forskingsbasert kunnskap som kan betre føresetnadane for utøving av profesjonell sjukepleie.

Oppbygging av studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret, og består av to kurs. Kurset Sjukepleie frå kall til vitskap tar opp sjukepleiefaget sine historiske tradisjoner, ulike kunnskaps- og forskningsformer og faget sin teori-praksisproblematikk. Kurset omsorg og livskvalitet tar for seg ulike teoretiske og forskningsmessige tilnærmingar til omgrepa omsorg og livskvalitet. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.

1. semester

HEL310 - Vitskapsteori og sentrale

helsevitskaplege tema

HEL320 - Forskingsmetode og -etikk

2. semester

SYK331 - Sjukepleie frå kall til vitskap

SYK332 - Omsorg og livskvalitet

3. og 4. semester

SYK395 - Masteroppgåve

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer til:

o utdanningsarbeid på universitet og høgskular

o fagutvikling i klinisk verksemd

o forsking og utvikling

o fagleg og administrativt arbeid i forvalting og helsevesen

Opptaksgrunnlag

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning sjukepleievitskap må du ha bachelorgrad

i sjukepleievitskap.

For søkjarar med grunnutdanning i sjukepleie utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga. I desse studiepoenga, eller i tillegg til dei, må det inngå ein eigen metodeprøve på minst 9 studiepoeng.

Oppstart

Haust

Programansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag,

post@isf.uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Meir infomasjon

post@studiekonsulent.uib.no / 55 58 61 99 / 55 58 61 00

SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
MAMD-SYK/Masterprogram i helsefag - Sjukepleievitskap
Sjukepleievitskap - kursdel (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HEL320 Masterprogram i helsefag, felles studiedel:
Forskningsmetode og -etikk
15 1
HEL310 Masterprogram i helsefag, felles studiedel:
Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema.
15 3
SYK331 Masterprogram i helsefag - sjukepleievitskap. Fagspesifikk deleksamen: Sjukepleie frå kall til vitskap. 15 2
SYK332 Masterprogram i helsefag - sjukepleievitskap. Fagspesifikk deleksamen: Omsorg og livskvalitet. 15 4
Sjukepleievitskap - masteroppgave (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SYK395 Masterprogram i helsefag - Sykepleievitskap: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring. 60 5
Sjukepleievitskap - rettleiingskontrakt (krav: 0 SP)
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterprogram i helsefag - -