Gå til innhold
Norsk A A A
Universitetet i Bergen
Studieprogram

Masterprogram i helsefag - Helsefremjande arbeid og helsepsykologi

Programmet tilbys av

Mål og innhald

Studieretninga i helsefremjande arbeid og helsepsykologi tek sikte på å kvalifisere deg til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytte til helsefremjande arbeid og helsepsykologi. I arbeidet blir det fokusert både på individuelle og strukturelle forhold som har innverknad for helseåtferd og helseoppleving. Det blir lagt vekt på å skolere deg i grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, og kritiske analysar av teoriutvikling på felta. Masterprogrammet skal vidareføre og konkretisere dei emna som er tekne opp i fellesdelen av programmet.

Fagleg profil

Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi er retta mot deg som alt har ein bachelorgrad i eit helsefag eller tilsvarande, og som ønskjer kompetanseheving gjennom vidareutdanning og fagleg fordjuping. Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.

Graden

Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi fører fram til graden master i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng) og byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande grad.

Oppstart

Annan kvar haust (2009, 2011, osb.)

Opptaksgrunnlag

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi, må du ha bachelorgrad i helse- eller sosialfag eller annen relevant bachelorgrad. Søkjarar med grunnutdanning utan bachelorgrad, må ha minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanning.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet
Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-psykologiske-fakultet

Meir infomasjon

studierettleiar.psyfa@uib.no / 55 58 27 10

Undervisning

I undervisninga vert det nytta mange ulike læringsformer: Førelesingar, PBL, gruppearbeid, presentasjonar, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes informasjonskompetanse, skrivekurs og statistikkprogram, vil også vere ein del av undervisningstilbodet.

Krav til forkunnskaper

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi, må du ha bachelorgrad i helse- eller sosialfag eller ei anna relevant bachelorgrad. Søkjarar med grunnutdanning utan bachelorgrad, må ha minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanning.

Mål og innhald

Studieretninga tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytt til helsefremjande arbeid og helsepsykologi. I arbeidet vert det satt fokus både på individuelle og strukturelle forhold som har relevans for helseåtferd og helseoppleving. Det vert lagt vekt på å læra opp studentane i grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, og kritiske analyser av teoriutviklinga på felta. Studieretninga skal vidareføre og konkretisere dei emne som er tatt opp i masterstudiets fellesdel.

Helsefremjande arbeid og helsepsykologi utgjer tradisjonelt sett kvantitativt orienterte disiplinar. Samstundes medverkar kvalitative tilnærmingar i aukande grad i teori- og kunnskapsutviklinga. Innan studieretninga vil det gå inn ei fordjuping i dei mest relevante metodane knytt opp mot studieretninga sitt innhald ellers, inklusive evaluering av og kvalitetssikring av helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller gå inn som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Målet med oppgåva er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og syne evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gje ei instruktiv, klar og presis, skriftleg framstilling av saksområdet.

Oppbygging av studiet

Studiet er satt saman av:

1. semester:

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema (15 studiepoeng)

HEL320 Forskingsmetode og -etikk (15 studiepoeng)

2. semester:

HEFR330 Helsefremjande og primærførebyggjande arbeid, innføring i sentrale omgrep og tilnærmingar (15 studiepoeng)

HEFR340 Fordjuping i individuelle og organisatoriske forhold (15 studiepoeng)

3. og 4. semester:

HEFR395 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gje innsyn i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.

HEFR340 kan bytast ut med tilsvarande emne ved andre studietilbod på norske eller utlandske universitet.

I studiet vil det nyttast Problembasert læring som arbeidsmetode. Studentane vil bli presentert for casestudiar som vil danne utgangspunkt for deira arbeid med å nå læringsmåla. I tillegg vil det bli lagt vekt på felles diskusjonar og presentasjonar. Det vil også bli gitt nokre oversiktsførelesingar, og studentane har mogleik for å be om at spesifikke tema vert satt lys på i desse førelesingane.

Metode

Helsefremjande arbeid og helsepsykologi utgjer tradisjonelt sett kvantitativt orienterte disiplinar. Samstundes er kvalitative tilnærmingar i aukande grad med i teori- og kunnskapsutvikling. Innan masterstudiet vil det gå inn ei fordjuping i dei mest relevante metodane knytt opp mot resten av innhaldet i studiet, inkludert evaluering av og kvalitetssikring av helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi kvalifiserer deg mellom anna til undervisning, forsking og utviklingsarbeid på universitet og høgskular. Utdanninga opnar for arbeid i helseforvaltinga og friviljuge organisasjonar. I tillegg gir studiet kompetanse innan skule og anna arbeidsliv der kunnskap om folkehelse og helsefremjande arbeid er etterspurd.

SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
MAPS-HEFR/Masterprogram i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi
Masterprogram i helsefag - obligatoriske emner (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HEL310 Masterprogram i helsefag, felles studiedel:
Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema.
15 1-2 1
HEL320 Masterprogram i helsefag, felles studiedel:
Forskningsmetode og -etikk
15 1-2 1
HEFR330 Masterprogram i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykolgi: Helsefr. og prim.føreb. arb., innf. i sentr. be 15 1-2 2
HEFR340 Masterprogram i helsefag - Helsfremjande arbeid og helsepsykolgi: Fordjuping i individuelle eller strukturelle tilhøve 15 1-2 2
Masteroppgave - helsefremmende arbeid (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HEFR395 Masteroppgåve i helsefremjande arbeid og helsepsykologi 60 3-4 3