Forside > Nyheter

Forskingsdagane: Forskarar på skulebenken


Over 30 nysgjerrige forskarar sette seg på skulebenken då professor Steven Brown frå Kent State University i Ohio besøkte UiS. Den internasjonalt renommerte forskaren nytta besøket til å utfordre tradisjonelle forskingsmetodar.

- For å fange røynda så nøyaktig som mogleg, må ein også ta med nyansane. Ein må beskrive det subjektive på ein objektiv måte, sa Brown og presenterte forskingsmetoden Q-methodology, for ei lydhør forsamling.

Brown har arbeida i mange tiår med å få metoden presentert for forskarar rundt om i verda. I Noreg i dag er det berre i Trondheim og Stavanger at det finst miljø som nyttar metoden.

- Vi menneske har så mange tankar, opplevingar og meiningar som ikkje kjem til uttrykk i vanlege spørjeskjema. Enkle ja og nei- spørsmål fangar ikkje opp alle dei stemmane som finst i samfunnet, forklarte Brown.

Verda er kompleks
- I Q-methodology rangerer ein utsegner. Ein sorterer dei etter kva folk er mest einige og ueinige i, fortalte Brown og gav eit døme:

- For å finne svar på kvifor elevar slit med heimeleksa si kan ein spørje eit knippe elevar som slit med akkurat dette om kva som er problemet. Dei utsegnene du får kan så brukast til å lage eit skjema der elevar rangerer kva for utsegner dei er mest eller minst einige i. På denne måten fangar ein opp alle orsakene som finst til at elevar ikkje gjer heimeleksa si, samstundes som det er lettare å finne løysingar på problemet.

Brown meiner metoden speiler verda som meir kompleks enn kva tradisjonell forskingsmetode gjer. Ved å ta omsyn til alle subjektive meiningar og opplevingar vil ein få ei forsking som er nærare røynda.

Nye tankar
- Dette var verkeleg interessant og heilt nytt for meg. Slik har eg ikkje tenkt på det før. Eg har lært mykje i dag, fortel Sveinung Birkeland, matforskar frå Norconserv.

Fleire av deltakarane på arrangementet blei pirra av tankane Steven Brown presenterte. Førelesaren fekk mange spørsmål frå nysgjerrige lyttarar.

- Det er kjekt å sjå at folk interesserer seg for ein annleis måte å tenkje på. Det er nemleg ikkje alltid så lett å forstå essensen i metoden. I bunn og grunn dreier Q-methodology seg om å ta omsyn til den enkelte sine perspektiv, slik at alle stemmer blir høyrt, også dei som ikkje elles kjem til orde, konkluderte han.

Etter besøket i Stavanger er det Trondheim og NTNU som står for tur for professor Brown. På ein konferanse om Q-methodology skal han presentere korleis han har jobba tett med Verdsbanken, CIA og andre organisasjonar om korleis dei kan bruke metoden i viktige val som skal tas.

Sist endret av (04.10.2006)

Skriv ut artikkel print symbol