Universitetet i Stavanger har eit mangfald av undervisings-, forskings- og utviklingsaktivitetar og er organisert i tre fakultet: Det humanistiske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.
Institusjonen ligg i ein av dei mest attraktive regionane i landet, med gode botilbod, ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Universitetet i Stavanger vart offisielt opna av H.M. kong Harald V 17. januar 2005. Men universitetet sine faglege røtter går lengre tilbake. Eit av fagområda blei etablert allereie i 1912, mens bredden i undervisningstilbod og forskningsaktivitetar har auka sterkt frå byrjinga av 1970-talet fram til i dag.
Forside > Om UiS
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger er eit nyskapande og ungt universitet med rundt 7000 studentar og 1000 tilsette.
formål
Universitetet i Stavanger skal bidra til utvikling av den einskilde og samfunnet gjennom relevante studietilbod av høg kvalitet, framifrå forsking, formidling og kunstnerisk utviklingsarbeid.
Les meir om visjon og verdiar
Strategidokument for Universitetet i Stavanger 2005-2008 - pdf-fil (299 kB)
VISJON FOR UNIVERSITETET I STAVANGER
Vi vil utfordre det velkjende og utforske det ukjende,
vinne innsikt og finne visdom,
til beste for samfunn, studentar og tilsette.

English »