Yrkeseksempel husdyrfag
Maya Ohta Fog
Torstein Alvestad jobber som fagrådgiver teknikk/helse i Tine meieriet Sør, Org. avd. Haugesund.
 Torsein Alvestad |
Hva er stillingstittelen din og hva er dine arbeidsoppgaver?
Fagrådgivar teknikk/helse i TINE Meieriet Sør Org.avd Haugesund.
Mine arbeidsoppgåver er grunnpakkerådgivning (fast rådgivar til bønder hjelper til å halde orden i papira og gir enkle råd og veiledning).
Teknikk; mjølkemaskinkontroll og funksjonstest under mjølking, ulike målingar av kapasitet på mjølkeanlegget.
Helse; tjeneste for å førebygge produksjonsjukdommer og andre helserelaterte problem (Helsetjenesten for storfe). Helse og teknikk har eg ansvaret for i Teamet eg jobbar i, dvs at eg utføre dei tjenstene innan distriktet.
Helsedelen er ansvarleg for drift av HTS –teamet (helsetjeneste-teamet) i distriktet altså kontaktperson mellom veterinærar som er med i Helsetjenesta for storfe og rådgivarar innan helse. Elles er det å bakke opp alle rådgiverane i mitt team slik at dei kan tilby rådgivningstjenester innan helse og teknikk
Hva slags utdanning har du fra UMB?
Husdyrfag
Hvorfor valgte du å studere på UMB?
Det var ein av dei få plassane som ein fekk ei høg utdanning innan husdyr/landbruk
Synes du at du får brukt utdanningsbakgrunnen din i din nåværende stilling? Evt. på hvilken måte?
Ja, det syns eg. Har ein god basis som eg kan byggje vidare på. Ein lærer ikkje alt som ein trenger, men ein har eit godt grunnlag slik at ein kan flette dette inn i jobbsamanhengen.
Hvilket fag har vært det mest nyttige? Er det noe fag du angrer på at du ikke tok?
Det var vanskeleg. Det må vere dei faga som ein hadde om storfe då. Kanskje mest relaterte er fôringsfaga + andre fag på storfe. Ikkje så mykje avl i den grad som ein skal rekne ut verdiar og liknande, men greit å veta noko om det. Eller så var det greit å ha litt økonomibasis. Det er mange fag som hadde vert greitt å ta, men det er ikkje alltid like lett å finne dei rette faga til den jobben du får og så skal du ha kapasitet til å ta alle faga.
Hva er mest interessant evt. givande med jobben din?
Aldrig ein dag som er lik. Ein dag får du utfordringar som du må fordypa deg i alt du har lært og ein dag er det enkle oppdrag. Du møter mange forskjellege personar kvar dag og det er eit kjempegodt arbeidsmiljø her.
Hvordan fikk du jobben?
Det var lett! Eg fekk jobben på andre søknaden min og hadde jobb før eg hadde levert hovudoppgåva. Det var ein annonse eg såg om jobb i områder der eg kom frå, så søkte eg og blei kalla inn til jobbintervju. Deretter var det ei ventetid før eg fekk tilbod om å få jobben, så var det å takka ja til den. Verre var det ikkje. Viktig når du søkjer at du har lyst på den jobben og ringer og snakkar litt med kontaktpersonen.
Dine anbefalinger til kommende kandidater?
Studer det du syns er interessant og er interessert i for då er det lettare å studere. Ikkje tenk på kva fag eg må ha for å få den jobben og liknande. Greitt å ha spisskompetanse innan eit fagfelt men det er greitt å ha ein brei basiskunnskap også.
Oppdatert: 15.12.05
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn