Velkommen til IHA sine studiesider
Skoe Jørn
Maya Ota Fog
Eg er ein odelsgut frå Vinstra i Gudbrandsdalen og er i ferd med å ta ein mastergrad i husdyrernæring her ved IHA, UMB.
Veileder : Harald Volden
Tittel: Infusjonsforsøk med organisk selen på fistelkyr
Eg jobbar saman med ein annan mastergradsstudent, John – Erik Bjørlo, på hovudfagsoppgåva som har tittelen ” Infusjonsforsøk med organisk selen på fistelkyr ”. Formålet med forsøket på fistulerte mjølkekyr er å gjera kvantitative målinger over forhold som skjer i fordøyelseskanalen og intermediært ved tildeling av organisk selen og svovel spesielt med tanke på responsen me får på selennivået i blod og mjølk. Da ein frå før veit at vi her i Norge har svært låge verdiar av selen i jordsmonnet som resulterer i eit lågt innhald i grovfôret og som vidare fører til låge verdiar i drøvtyggjarkroppen er det difor ekstra interessant å sjå om organisk selen kan betre dette opptaket. Viser forsøket vårt auka verdiar ved ei slik tildeling av selen, kan ein kanskje gå ut og anbefale selenberika gjødsel da dette er ein god måte å få i dyra organisk selen på eller gje drøvtyggjarane våre mineraltiskudd i form av organisk selen.
Eg gjekk fyste året mitt i Steinkjer og dei siste 4 åra her på Ås og tykkjer eg har fått ein god variasjon mellom teori og praksis samt hatt aktive sumarjobbar som avløysar. No ser eg fram til å ta fatt på arbeidslivet for fullt og gleder meg til dette!
Oppdatert: 28.02.05
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn
Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap (IHA)
Postboks 5003
1432 Ås
Tlf: +47 64 96 51 00
Faks: +47 64 96 51 05
Nettansvarlig:
Maya Ota Fog