|
|

|
Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) er Høgskulen i Volda sin kompetansemeklar. Saman med fagmiljøa tilbyr vi fleksible variantar av ordinære studium eller alternative kompetanseløysingar som er tilpassa oppdragsgjevar sine behov. |
KEV ønsker å tilby vekst og livslang læring til deg som vil utvikle deg vidare.
KEV sine tre spesialområde er:
- Etterutdanning
KEV tilbyr etterutdanning gjennom ulike kurstilbod. Med etterutdanning reknast dei utdanningstilboda som gir kompetanseauke og kursbevis, men likevel ikkje gir formell kompetanse ved studiepoeng. KEV har erfaring med å organisere kurs i ulike former: Nettbasert, desentralisert regionalt osb.
- Vidareutdanning
Vidareutdanning er studium som gir formell studiekompetanse. Høgskulen i Volda utvikler stadig nye tilbod til deg som vil bygge vidare på den utdanninga du har. KEV hjelper deg å finne fram det vidareutdanningstilbodet som passar best til deg, anten du er ute etter eit nettbasert deltidsstudium, med eller utan helgesamlingar eller vidareutdanningsstudium som er organisert på andre måtar.
- Konferansar
Etter kvart har KEV opparbeidd seg erfaring med å skipe lokale så vel som internasjonale konferansar og seminar. Vi tek på oss oppdrag både internt på Høgskulen i Volda og frå eksterne arbeidsgjevarar.
Les meir om oss på sida Om KEV
| 60-årsjubilant avslutta FESTiVOLDA |
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda avslutta FESTiVOLDA-festivalen med Mozart sin symfoni nr. 31, "Pariser-symfonien” søndag, som ei markering av sitt 60 års-jubileum. - 60 år er eit fantastisk jubileum for eit orkester som har hatt lang og tru teneste, jublar Rune Bergmann. [ Les meir ] - 04.11.2007
|
|
|
| Seminaret "Biografien i nynorskverda" |
Ivar Aasen-instituttet og Norsk Ordbok inviterer til seminaret "Biografien i nynorskverda" i Forskarnettverket i nynorsk skriftkultur onsdag 21. november kl. 10.00.
Møtet vert lagt til Stavanger i samband med MONS-møtet 22-24. november.
[ Les meir ] - 02.11.2007
|
|
|
| Fagleg oppdatering i Naturfag: Naturfag med mål og meining |
-I slutten av November er vi i gang, seier Erik Fooladi, fagleg ansvarleg for Naturfag med mål og meining. -Då samlast om lag 130 lærarar frå Sjustjerna (eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre) seg i Loen til første samling. -Vi er glade for god respons frå Søre Sunnmøre, og ser no at også kommunane i Nordre Sunnmøre Kompetanseregion kjem for fullt. Vi gler oss til å møte lærarane og presentere spanande vekstader og fagleg påfyll. [ Les meir ] - 01.11.2007
|
|
|
|