Forsking og utvikling
Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring
Hovudmålet med prosjektet er å få større kunnskap om korleis kvalitet i undervisninga er forstått, praktisert og opplevd i skulen ut frå perspektiv knytt til omgrepet tilpassa opplæring. Les meir på www.hivolda.no/kio
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Ekte leik og spontanidrett i skulen
Asbjørn Flemmen er pensjonert førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. I over 30 år har han drive utviklingsarbeid, og gjennom prosjektet "Leikemiljø, barnet og leiken" har han utvikla ein teori for å forstå fenomenet RØRSLELEIK. Flemmens filosofi ligg til grunn for over 40 arenaer ved ulike skular i Norge. I tillegg er skileik eit anleggskonsept som byggjer på Flemmens filosofi om "Ekte leik og spontanidrett". Konseptet har m.a. blitt ein del av Skiforbundet si trenarutdanning.
Asbjørn Flemmen arbeider på mange plan. Han skriv bøker, artiklar og føreles i inn- og utland. Han planlegg, utviklar og er konsulent på anlegg ved skular og barnehagar. Han vert også brukt som rådgjevar på nasjonalt og lokalt nivå. Gjennom undervisning ved Volda Lærarhøgskule og seinare Høgskulen i Volda har han inspirert fleire generasjonar med lærarar. Og når anlegga i Volda skal vedlikehaldast, er det Flemmen som står i spissen for det også.
Publikasjonar:
Rapportar m.m. i fulltekst | Artiklar/bøker om skileik | Andre artiklar/bøker | Seminar
| Frå "Jungelen" i forsøks- og demonstrasjonsområdet ved Høgskulen i Volda. Området er flittig brukt av naboar og elevar ved Øyra skule - både i og utanom skuletida. | Svev i Tarzan-jungelen ved Øreåsen skole, Rygge. |
Oppdatert av Bente Gunn Lien 2009-03-18 13:24:00 | Publisert med NetEd : Publish



