|
Er du interessert i både formidlingsmessige, tekniske og estetiske sider ved bruk av ulike medier og IKT er dette studiet for deg. Studiet er særleg retta mot studentar som vil arbeide med medie- og IKT-relaterte oppgåver i grunn- og vidaregåande skule, men også studentar som ønskjer å kvalifisere seg til ulike oppgåver innan formgiving, vevproduksjon og multimediearbeid.
Aktuelt:
EKSEMPEL PÅ STUDENTARBEID - STUDENTPORTFOLIA
- Første kullet vart uteksaminert våren 2004 - les meir
- Hausten 2004 reiste MID-studentar på utveksling mellom anna til følgjande stader: Champlain College, Vermont i USA, Griffith University College, Dublin i Irland, Brisbane University, Australia, Aarhus universitet, Danmark. Hausten 2005 reiser det også studentar til India, Canada og Kina. Moglegheitene er mange - les meir her
- Hausten 2004 hadde MID ansvar for fleirkameraproduksjonen av den skandinaviske finalen i First Lego League. Tilsvarande fleirkameraproduksjon vil vere del av Multimedieproduksjon til hausten.
- Studentar på andreåret presenterer si eiga utdanning
- Skulepraksis for førsteårsstudentane, sjå eit glimt her.
- Brukartesting av HVO-veven som praksis i andreåret - sjå her!
Sjå meir informasjon i margen, i studiekatalogen og i studiehandboka for 2004/5. Frå hausten er det ny studiemodell denne blir lagt ut ca. 1. juli 2005. Har du spørsmål om dette eller noko anna kan du kontakte studiekoordinator Synnøve H. Amdam: tlf: 70075007, epost: sha@hivolda.no

|