Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 08-09
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider

 

 
Ressursside for tilsette

For studentar / Registrer deg! / Semesterkort og studielån /

Semesterkort / studentkort / studielån

Semesterkort
Når du har betalt semesteravgift kan du få semesterkort for å stadfeste at du er student ved Høgskulen i Volda. Du bør likevel vente til du har registrert deg, slik at informasjonen om emne vert rett på kortet. Semesterkortet kan brukast som bevis for at du er student, og vil saman med gyldig legitimasjon kunne gi rett til moderasjon på reiser m.m. Studentar som ikkje har høve til å møte opp i Volda for å hente semesterkortet kan bestille eit frå Studentkontoret (e-post sorvistorget@hivolda.no).

Studentkort
Studentar som har høve til å møte til fotografering i Volda kan få utskrive studentkort. Studentkortet fungerer som nøkkelkort til bygningar og spesialrom på campus og lånekort på biblioteket, og dei fleste studentar med studiestad i Volda vil trenge eit slikt. Studentkort får du utskrive frå semesterstart i 3. etasje i Berte Kanutte-huset.

Studielån
Lånekassa innførte frå hausten 2005 ei omorganisering av utbetaling av studielån. Informasjon om denne ordninga finn du her: Utbetaling av studielån (ekstern lenkje)

For å få utbetalt studielånet ditt må du ha betalt semesteravgift og registrert deg i Studentweb med alle emne du skal ta. Høgskulen sender automatisk melding til Lånekassa når betaling og registrering er utført.

NB!  Lånekassen oppmodar  studentane om å nytte nettsøknad, det høver for dei aller fleste. Det finnast nokre unnatak som framleis må levere papirsøknad, t.d. kvotestudentar.



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Aktuelt for studentar
Sommarjobbar i andre nordiske land
06.05.2008

Legathåndboken 2008 på nett
03.03.2008

Alle studentar må sjekke e-post frå Høgskulen
21.03.2007

Oppdatert av Ingunn Nordal 20.12.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning