Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Mediefag / Medievitskap / Mev 101 / Eksamensoppgåver /

Tidligare eksamensoppgåver i Medivitenskap 1

 

Eksamensfag: Medievitenskap 101

Dato: 9.12.2005

Ekstid: kl. 9.00 – 13.00

Lovlige hjelpemiddel: norsk ordliste eller dictionaries

 

Svar på to av dei tre oppgåvene

 
Nynorsk:

  

  1. Kva ligg i omgrepet multimedium? Finn døme på ulike multimedia og diskuter kva som kjenneteiknar desse?

  2. I 1981 kunngjorde statsministeren at regjeringa ville oppheve kringkastingsmonopolet. Diskuter kva følgjer denne kunngjeringa fekk?

  3. Omgrepet ytringsfridom heng saman med demokrati. Kva rolle spelar media og kva krav må stillast til media?




 

Eksamensfag: Medievitenskap 101

Dato: 6.12.2004

Ekstid: kl. 9.00 – 13.00

Lovlige hjelpemiddel: norsk ordliste

 

Svar på ei av dei to oppgåvene


Nynorsk:

 

  1. Interaktivt tv (ITV) er no ein del av sendeflata til fjernsynsstasjonane i Noreg, og går under namn som Svisj, MessTV og liknande. Beskriv fenomenet og beskriv korleis skjermen blir brukt (Sjå vedlagd skjermfaksimile). Korleis er fjernsynet blitt påverka av den digitale medieutviklinga? Drøft framveksten av ITV som eit uttrykk for mediekonvergens.

  2. I haust etablerte den tyske matvarekjeda Lidl seg i Noreg på ei rekkje stadar. Media ga denne etableringa stor merksemd. Drøft medias makt og påverkingsmogelegheiter i lys av den omfattande omtalen matvarekjeda fekk. (Sjå bakgrunnsinformasjon i vedlegg).

Faksimile: messtv-2.jpg

Faksimile 2: lidl_journalisten.jpg

 


 

EKSAMENSFAG: Medievitskap 1

DATO: 4.5.2003 (Innleveringsdato)

EKS.TID: 2.5.03 kl. 13.00 – 4.5.03 kl. 13.00

 

 

Svar på ei av oppgåvene. Oppgåvesvaret skal vere på maks 6 sider, 1,5 linjeavstand

 

Bokmål:

 

1.  Gi et overblikk over medieutviklinga i Norge på 1980- og 90-tallet, og drøft i hvilken grad de nye tilbudene har endret folks medievaner.


2.    Mange vil forby enkelte dataspill fordi dette fører til at barna blir mer voldelige. Drøft sammenhengen mellom eksponering for vold og voldelig atferd med utgangspunkt i pensum.

 


 

EKSAMENSOPPGÅVER FRÅ HØGSKULEN I VOLDA

 

EKSAMENSFAG: Medievitskap 1

DATO: 13.12.2002 (innleveringsdato)

EKS.TID: 11.12.02 kl. 13.00 – 13.12.02 kl. 13.00

 

 

Svar på ei av oppgåvene. Oppgåvesvaret skal vere på maks 6 sider, 1,5 linjeavstand

 

Nynorsk

1.      Analyser annonsen til Tine Meierier som ligg ved. Gjer greie for analysemetoden som du vil bruke, og grunngi valet. 

 2.      Skisser kort den historiske utviklinga for avis, kringkasting og filmmediet før den 2. verdskrigen. Gjer nærmare greie for

 - offentlige reguleringar (lover, støtteordningar)
 - finansieringsmåtar
 - kva som kjenneteiknar innhald og
 - kva som var redaksjonelle målsetjingar/oppgåver for dei ulike media

Diskuter og kommenter forskjellane mellom dei tre media.

 

 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Erling Sivertsen 12.01.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning