|
Møre og Romsdal Fylke, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal, Seksjon barnehage og Høgskulen i Volda, Avdeling for lærarutdanning inviterer til Barnehagekonferansen 2005.
Resursside for kursdeltakarar
Liten, eg? - om likestilte og likeverdige jenter og gutar, kvinner og menn i barnehagen.
Ein konferanse for pedagogar tilsett i barnehagar i Møre og Romsdal og Barnehageansvarlege på kommunenivå.
Årets barnehagekonferanse tek for seg likeverd og likestilling i barnehagen. Kvalitet i barnehageverksemda vil vere eit gjennomgåande tema.
Den nasjonale planen "Den gode barnehagen er ein likestilt barnehage" (2004-2007) har to likeverdige fokus: Både å få fleire menn i barnehagane og å utvikle og styrke likestillingsarbeidet i den daglege verksemda med barna. Rapporten "Klar ferdig gå - Tyngre satsing på de små" vart levert til Barne- og familiedepartementet i mars i år. Rapporten, som omhandlar kvalitet i barnehagesektoren, er utarbeidd av ei arbeidsgruppe leia av professor Frode Søbstad, og med foredragshaldar Morten Halvorsen som ein av medlemane.
Vel møtt på konferanse!
|