Skriv ut Sideoversikt |  



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Humanistiske fag / Tverrfaglege emne / Stadnamn /

HUM111 Innføring i stadnamn - nettbasert kurs

Undervisning: nettbasert, evt. med to samlingar

Omfang: 15 studiepoeng (5 vekttal)

Forkrav: Generell studiekompetanse

Stadnamn er noko som engasjerer folk. Det er særleg tolking av namn og skrivemåtane på kart og vegskilt som jamnleg har vore framme i det lokale mediabildet i dei fleste norske lokalsamfunn, i alle fall utanom dei store byane. Dei fører ofte med seg sterke kjensler og høg temperatur, spesielt når «ekspertane» foreslår at eldre skriftformer bør erstattast av nye.

Det folk ofte ikkje tenkjer på, er at stadnamn er så mykje meir – det er noko vi dagleg nyttar og som omgjev oss på alle kantar: fjell, dalar, elvar, fjordar, øyar, gardar, bygder, tettstader, vegar, busshaldeplassar, flyplassar, butikkar osv. Stadnamna er adresser til slike geografiske element. Også fleirtalet av slektsnamna våre – ca 70 % – er opphavlege stadnamn, gardsnamn, og syner attende til ein gard der ein av forfedrene våre var permanent busett ei viss tid.

Vi reknar – m.a. gjennom lovgjevinga – dei eldre, tradisjonelle stadnamna som kulturminne, på lik line med gamle hus, gravhaugar o.l. Men stadnamn er ikkje fysiske storleikar som ligg der rimeleg permanent – dei finst berre i form av munnleg tradisjon, og må samlast inn og registrerast for at dei ikkje skal forsvinne.

Mange namn er sjølvsagt registrerte på kart o.a. samanhengar, men det er helst bustadnamn. I alle grendelag og naboskap over i heile landet har vi mange fleire natur- og teignamn, og det er særleg desse som er utsette for å døy ut og forsvinne for alltid saman med dei menneska som kjenner dei, tradisjonsberarane.

I dag går samfunnsendringane mykje raskare enn før, og dei heilt lokale stadnamna går ut av bruk når dei ikkje lenger har nokon funksjon i ferdsel, jordbruk eller anna næringsliv o.a.

Døme på kart (frå Bygdabok for Lom bd. 2) med innsamla stadnamn.

Kurset Høgskulen i Volda har utvikla skal mellom annan gje grunnleggjande innsikt i kva eit stadnamn er, kva metodar ein nyttar for å samle og registrere namn, ei første innføring i korleis namn blir granska, tolka og normert i skrift.

Kurset er to-delt, der eit teoripensum utgjer eine halvparten, medan den andre halvparten er eit praktisk innsamlingsarbeid med rettleiing frå ein av lærarane. Innsamlinga kan gjerne skje i eige nærområde, og skal leverast i form av ei semesteroppgåve.

Dei som tek studiet vil få tilbod om to korte samlingar i Volda: ei introduksjonssamling som både har ei fagleg innleiing til kurset og tek for seg korleis ein studerer ved hjelp av Internett, og ei samling omtrent midt i kurset der ein oppsummerer framdrifta og gjev individuell rettleiing i innsamlings- og skrivingsarbeidet.

Kurset er utan studieavgift (berre semesteravgift).

Evt. samling vårsemesteret 2005 (viss minst 6 studentar melder seg): 1. og 2. april.

 

Pensum og studieplan:

Pensumlista finn ein under studieplanen. Bøker studentane bør kjøpe er:

Norsk stadnamnleksikon. Red. Sandnes, Jørn og Ola Stemshaug. Oslo 1997.

Rygh, Oluf 1897-1936: Norske Gaardnavne, I-XIX. Christiania/Oslo 1897-1936 (eitt eller fleire bind)

Rygh, Oluf 1898: Norske Gaardnavne. Forord og Indledning. Kristiania 1898. (Ny utgåve ved Tapir forlag 1999.)

Hallaråker, Peter 1997: Innføring i stadnamn. Oslo 1997.

Zilliacus, Kurt 2002: Forska i namn. Helsingfors 2002.

Pensumlista kan bli revidert før semesterstart. Artiklar blir samla i kompendium.

 

Nettleksjonar (pensumhjelp, alle skrivne av Peter Hallaråker):
Leksjon 1: Elementær stadnamnteori
Leksjon 2: Innsamlingshistorikk
Leksjon 3: Innsamlingsmetodikk
Leksjon 4: Stadnamnfunksjonar og namnebrukarkrins
Leksjon 5: Norsk stadnamngransking og stadnamntolking
Leksjon 6: Naturnamn. Hovudledd (etterledd)
Leksjon 7: Kulturnamn. Hovudledd (etterledd)
Leksjon 8: Inndelingsnamn (administrative namn)
Leksjon 9: Kommunikasjonsnamn. Namngjeving av vegar og gater
Leksjon 10: Normering av skrivemåten

 

Nærare informasjon om studiet:

Peter Hallaråker, tlf 70 07 50 98, e-post psh@hivolda.no eller

Arnfinn Kjelland, tlf 70 07 51 06, e-post ak@hivolda.no eller

Grete Marry Brøste, tlf 70 07 51 76, epost gmb@hivolda.no

Andre nettstudium ved Avdeling for humanistiske fag



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Arnfinn Kjelland 25.02.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning