|
Vedtekne av styret for Høgskulen i Volda 12. juni 2003
1. Prisen skal heidre fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats for å utvikle studie- og utdanningskvaliteten ved Høgskulen i Volda. Det skal særleg leggjast vekt på tiltak som utviklar studiekvaliteten gjennom medviten fagleg, administrativ og pedagogisk tilrettelegging. 2. Prisen er på kr 30 000 og blir delt ut av styret for Høgskulen i Volda. Rektor står for overrekkinga. Med prisen følgjer eit diplom med namnet på prisen, året for tildelinga og namn på einskildpersonar/fagmiljø som får prisen.
3. Prisen skal nyttast til tiltak som fremjar studiekvalitet av fagleg-pedagogisk eller trivselsskapande karakter, og andre tiltak som styrkjer læringsmiljøet. Døme på tiltak er relevante studiereiser, konferansar, utstyr eller FoU-arbeid i tilknyting til pedagogiske spørsmål. 4. Alle tilsette, studentar og formelle organ ved høgskulen kan fremje kandidatar til prisen.
5. Alle framlegg skal vere grunngjevne og syne kva trekk ved læringsmiljøet som bør heidrast. Framlegg bør ta utgangspunkt i retningslinjene som er utarbeidde. Framlegg skal sendast til styret for Høgskulen i Volda ved høgskuledirektøren innan utgangen av april.
6. Eit utval gir den grunngjevne innstillinga si til styret innan 31. mai. Utvalet er sett saman av medlemmene i studieutvalet. Rektor/prorektor er leiar av innstillingsutvalet.
7. Dersom det ikkje er kome inn forslag med god nok kvalitet, blir prisen ikkje delt ut det året.
RETNINGSLINJER FOR FORSLAGSSTILLARAR OG INNSTILLINGSUTVAL
Ved tildeling av prisen skal det leggjast vekt på kriteria som er nemnde nedanfor. Alle kriteria skal ikkje stettast, men det er ønskjeleg at prisvinnaren viser positive resultat innanfor alle tre hovudområda. Det er til dømes ikkje nok at sosiale forhold er lagt vekt på utan at ein samstundes kan vise til positive resultat innan dei andre områda.
Fagleg-pedagogiske kriterium:
Klarleik:
Mål, fag- og undervisningsplanar er ikkje berre klart uttrykte, men også realistiske og blir nytta aktivt i undervisning og studiearbeid.
Forpliktingar:
Studieopplegg og undervisning er lagt opp med tanke på effektivt studiearbeid, mellom anna ved at lærarar og studentar har avtalar om gjensidige forpliktingar og tilgjenge.
Studentaktivisering:
Studium og undervisning er lagt opp slik at studentane skal ta ansvar for eige studiearbeid og ha ei aktiv rolle i undervisninga.
Studenten i sentrum:
Studentar, både som enkeltpersonar og som gruppe, er viktige samarbeidspartnarar i læring og undervisning.
Forskingsbasert undervisning:
Undervisninga held høgt fagleg nivå, til dømes gjennom lærarane sitt eige FoU-arbeid eller ved at studentane blir introduserte til og deltek i forskings- og utviklingsarbeid. Arbeidet kan gjerne vere relatert til næringsliv (t.d. utdanninga sin samfunnsmessige relevans) og praksisfelt (t.d. utvikling av samarbeidsformer med praksisfeltet).
Sosiale kriterium:
Trivsel:
Læringsmiljøet blir opplevd som imøtekomande og inkluderande og som eit spanande møte med engasjerte fagpersonar. Det blir lagt vekt på tiltak i samband med sosialisering og motivering av nye studentar.
Samarbeid:
Miljøet er prega av samarbeid, fellesskap og solidaritet, både lærarane imellom og mellom lærarar, studentar og andre tilsette.
Kommunikasjon:
Miljøet er prega av open kommunikasjon; ikkje nødvendigvis idyll, men med evne til konfliktregulering og konfliktløysing.
Fysisk miljø:
Ein har gjort det beste ut av dei fysiske vilkåra som eksisterer.
Identitet:
Tilhøring og identitet til miljøet blir opplevd av alle.
Prosess- og utviklingskriterium:
Vilje og evne til utvikling:
Det skal leggjast vekt på at miljøet er målmedvite og aktivt med omsyn til utvikling av læringsmiljøet, til dømes ved gjennomføring av konkrete tiltak innanfor desse områda:
Utvikling:
Miljøet viser vilje til vidareutvikling og kollektiv kompetanseoppbygging, fagleg, pedagogisk og sosialt. Miljøet viser også evne til å sjå faget/studiet/utdanninga frå tverrfaglege innfallsvinklar.
Evaluering:
Miljøet gjennomfører systematisk evaluering av studium, undervisning og fagleg verksemd, og dokumenterer vilje til å trekkje konsekvensar av resultata og til å drøfte dei med studentane.
Kvalifisering:
Miljøet satsar på vidareutvikling av internkompetansen (kvalifisering av dei tilsette), ikkje berre forskingsmessig og fagleg, men også vidareutvikling av pedagogiske kvalifikasjonar.
|