|
- Avtalen med Portugal er i boks, sier sjef for internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen med eit smil. No er høgskulen klare til å ta imot og sende ut studenter til vårt nye samarbeidsuniversitet, Universidade Catòlica Portuguesa.
|
|
 |
|
Dette universitetet har avdelinger på fire ulike plasser i Portugal, nemleg i Braga, Porto, Lisboa og Beiras.Universitetet tilbyr mange ulike utdanningar, alt ifrå sivilingeniør til psykologi. - Vi har no fått igjennom ein samarbeidsavtale i Porto for mediestudenter, seier Cecilie. Desse kan reise til dette universitetet via erasmus - ordninga.
Erasmus er EUs studentutvekslingsprogram som skal fremje samarbeid på alle plan mellom europeiske utdanningsinstitusjonar. Erasmus-programmet omfatter studentutveksling, lærarutveksling, utvikling av felles fagplanar, språkopplæring, korte intensive kurs for studentar frå samarbeidande lærestadar og mykje meir. Hovudmålet er å styrke kontakten og samarbeidet mellom europeiske universitet og høgskular for å gi studentane ei tidsmessig utdanning og breiast mogeleg internasjonal erfaring. Ønsker du å vite meir om erasmus kan du klikke her.
Ønsker du å sjå på nettsidene til universitetet så kan du klikke her. Dette er hovusida og informasjonen står på portugisisk. Dei har også ei side for internasjonale studentar på engelsk, får å lese denne klikk her.
Er du interessert i å lese om dei andre samarbeidspartnarane våre i utlandet og om korleis du bør gå fram om du vil reise ut så kan du klikke her.
Av Marte Cecilie W.Solheim
|