|

- Vi starta arbeidet i fjor og skal halde fram i tre år. Målet er å få igang eit mastergradsstudium i journalistikk i løpet av prosjektperioden, seier Roppen.
Han fortel at for å få til dette må Høgskulen heve kompetansen til dagens tilsette ved Avdeling for mediefag. I tillegg må nye forskarar med høg kompetanse rekrutterast.
- Dette med kompetanseheving er ein viktig del av prosjektet. I praksis vil dette seie at alle forskarar knytte til prosjektet vil målretta skrive tidsskriftsartiklar for å kunne nå kompetanse på eit høgare nivå enn dei er i dag, understreker Roppen.
Journalistrolla – store endringar Roppen seier at utgangspunktet for prosjektet er at journalistrolla er inne i ei tid med store endringar innan teknikk, økonomi og politikk. Journalistane sitt samfunnsoppdrag byggjer på det demokratiske prinsippet, noko som ikkje alltid er like enkelt når ein skal ta omsyn til tekniske,økonomiske og politiske utfordringar.
- Følgjene desse endringane har for redaksjonelle prosessar blir undersøkt ved å studere eit utval av redaksjonar i eit tett integrert prosjekt. Som journalistlærarar med lang tids røynsle i å drive redaksjonelle prosessar og å evaluere medieprodukt har fagmiljøet ved Avdeling for mediefag gode føresetnader for å studere arbeidsmåtane til journalistar, understrekar Roppen.
Av Lisbeth Svendsen Søvik
|